Jubileet for Kyrkjemøtet i Nikea gir vår kyrkje eit høve til å styrke våre økumeniske relasjonar og å vise fram mangfaldet og rikdommen i den kristne tru og tradisjon.
Så, eit tilbakeblikk. I år 325 møttest kyrkjeleiarar frå heile den kristne verda for mellom anna å skape semje om ein felles truvedkjenning.
Deira vedtak, den Nikenske truvedkjenninga, er framleis del av våre liturgiar. På 4-500-talet veks det, i dei vestlege kyrkjer fram eit tillegg i vedkjenninga sitt tredje ledd. Tillegget sa at Den heilage ande går ut frå Faderen OG Sonen. Striden om dette tillegget, den såkalla filioque-striden, var sterkt medverkande til det store skismaet i 1054 mellom det som skulle bli dei ortodokse kyrkjene og Den romersk katolske kyrkja. Denne usemja er i ferd med å leggja seg og i 1987 opna vårt kyrkjemøte (KM-sak 13/87) for at begge utgåver av Den nikenske truvedkjenninga kan nyttast.
Ei anna sak på Kyrkjemøtet i Nikea, var ønsket om å finne ei felles tid for påskefeiringa. Det vart semje om dette, men utviklinga av forskjellige kalendrar (hhv den julianske og gregorianske) i aust- og vest-kyrkjene skapte ulik praksis også her. Den norske kyrkja held seg til avgjerda fra år 325: at påskedag skal feirast første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn (21.mars).
Bispemøtet vil oppfordre kyrkjelydane til
- å invitere ortodokse trussysken til felles påskefeiring
- å ta i bruk Den nikenske truvedkjenninga frå og med påskedag og ut året. Den apostoliske truvedkjenninga skal likevel nyttast ved dåp.
- å delta i økumeniske gudstenester og andre arrangement i pinsa.
- å vurdere å markere Nikeajubileum treeiningsøndag (15.06) eller i løpet av hausten.