Litt om nokre av sakene

Her finn du kort orientering om nokre av dei viktigaste sakene på Kyrkjemøtet 2015.

 

Sak KM 04/15 Den norske kyrkja sitt grunnlag
Kyrkjemøtet i 2011 meinte at Den norske kyrkja sitt læregrunnlag skal ha rettsleg forankring i vedtak fatta av Kyrkjemøtet. Det er tale om eit dokument som blir Den norske kyrkja si forfatning og øvste regelverk. Forfatninga skal innehalde dei viktigaste styrande elementa i for kyrkjeordninga.
Saka som er lagt fram for Kyrkjemøtet i 2015, beskriv kyrkja sitt læregrunnlag, kyrkja sitt oppdrag, kyrkja si sjølvforståing, medlemskap og dåp, kyrkja som demokratisk oppbygd organisasjon, verdien av prestetenesta, andre vigsla tenester og tilsynstenesta.
Kyrkjemøtet sa i 2014 at forfatninga ”Den norske kyrkja sitt grunnlag” bør vedtakast saman med den øvrige kyrkjeordninga. Når det kan skje, heng saman med kva tid Stortinget gjer vedtak om ei kortfatta rammelovgjeving om Den norske kyrkja.  Grunnen for at denne saka kjem opp til brei drøfting på Kyrkjemøtet 2015, er at Kyrkjemøtet kan gje signal om retninga for det vidare arbeidet med saka. Saksframstillinga reflekterer kring kva som kan vere dei viktigaste elementa i dei framtidige ordningane for kyrkja.
Det er lagt opp til at eit framtidig kyrkjemøtevedtak i denne saka må skje med kvalifisert fleirtal. I andre saker der Kyrkjemøtet gjer vedtak om kyrkjeordninga, er det tilstrekkeleg med alminneleg fleirtal.


KM 06/15 Vigsling og liturgisk drakt for kantor
Skal ordninga med å vigsla kantorane vere obligatorisk eller ei frivillig ordning? Det spørsmålet har det vore usemje om i kyrkja. Kyrkjemøtet 2015 freistar å kome til ein konklusjon. Kantorens liturgiske drakt er ein del av saka. Det er foreslått at skråstilt stola skal vere vigslingsteiknet for kantoren.
Ei høyring i regi av Kyrkjerådet hausten 2014 synte eit klårt fleirtal for å vidareføre den ordninga som gjeld i dag, med vigsling til kantorteneste i Den norske kyrkja. I høyringa ba fleire høyringsinstansar om fleksibilitet og pragmatisme i handhevinga av ordninga.
Saka blei sendt til Bispemøtet i oktober 2014 for læremessig utsegn. I Bispemøtet sitt vedtak (oktober 2014 - BM 33/14) presiserer Bispemøtet at vedtak om å vidareføre vigslingshandlinga for kantorar må ha til føresetnad at ordninga er obligatorisk og gjeld for alle.
Framlegget til vedtak i denne saka på Kyrkjemøtet er at kantorane i Den norske kyrkja skal vigslast til tenesta si.


KM 07/15 Undervisningstenesta i Den norske kyrkja
Gjennom Trusopplæringsreforma har undervisningstenesta i Den norske kyrkja blitt vesentleg utbygd dei seinaste ti åra. Det er etablert ei lang rekkje nye undervisningsstillingar i kyrkjelydane. Medarbeidarar med hovudvekt på ulike pedagogiske utdanningar er rekruttert inn i desse stillingane og gjer sitt til at den faglege kompetansen har blitt styrkt i kyrkja.
Men utbygging av kyrkjelege undervisningsstillingar i seinare tid har ikkje ført til vesentleg auke i talet på kateketstillingar. No er mindretalet av dei som er tilsette i kyrkjelege undervisningsstillingar, utdanna kateketar som er vigsla til tenesta.
Kyrkjemøtet 2015 skal handsama undervisningstenesta i Den norske kyrkja. Spørsmål om stillingsstruktur, kompetansekrav, vigsling, gudstenestelege funksjonar og liturgisk drakt har vore utreia i denne prosessen. Dette var òg tema for ei høyring våren 2014.
I framlegget til vedtak er utgangspunktet å gje stillingsstrukturen for dei kyrkjelege undervisningsstillingane (kateket, kyrkjelydspedagog og kyrkjelydsarbeidar) tilstrekkeleg rammeverk og fleksibilitet. Kyrkjerådet tilrår at alle nye kateketar skal vigslast til teneste, og at det blir lagt til rette for at fleire undervisningsmedarbeidarar kan vigslast til kateketteneste.
Som krav til stillinga som kyrkjelydspedagog tilrår ein at det skal krevjast utdanning på bachelornivå med minimum 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng kristendomskunnskap.


Sak KM 09/17 Kyrkje og helse
Hovudtemaet for Kyrkjemøtet 2015 er òg ei sak på sakslista. I denne saka er er Kyrkjemøtet invitert til å se nærare på korleis helsespørsmål meir og meir sett preg på mediebilete og politiske debattar. Samstundes løftar saksframstillinga fram det helserelaterte arbeidet i kyrkja.
Gjennom eit stort spekter av diakonale institusjonar, og i arbeidet i kyrkjelydane, vert det utført eit omfattande arbeid innanfor helse og omsorg. Kyrkjemøtet er nå utfordra til å styrkje denne delen av verksemda til kyrkja. Den aktuelle samfunnsmessige konteksten blir løfta fram i saksframstillinga.
Til dømes syner ein til at Samhandlingsreforma og Omsorgsreforma utfordrar kyrkjelydane og dei diakonale institusjonane til ny innsats.
Saksframstillinga har eit eige kapittel om ”Kyrkja i den offentlege debatt om helse”. Her seier ein at kyrkja kan bidra til at det blir tala sant om livet og om døden i det offentlege rom. Det vert òg advara mot at stereotype oppfatningar av perfekt helse kan føre til ei nedtoning av menneskeverdet til den som ikkje svarar til dette idealet. ”I verste fall kan det grunngi praksisar som inneber eit steg i retning av sorteringssamfunnet sitt menneskesyn”, heiter det i dokumentet.
I framlegget til vedtak vert norske styresmakter utfordra til å se til at verdiar og etiske spørsmål får auka gjennomslag i helse- og sosialpolitikken. Ved prioriteringar i helsebudsjetta, bed ein styresmaktene vere særleg merksam på menneske i sårbare livssituasjonar og deira rettigheiter.


Sak KM 14/15 Oppretting av samisk kyrkjelyd i sørsamisk språkområde - permanent ordning
I 2009 blei ein sørsamisk kyrkjelyd oppretta som ei forsøksordning. Kyrkjemøtet er no invitert til å etablere denne kyrkjelyden som ei permanent ordning.
Våren 2012 hadde Nidaros bispedømeråd ei evaluering av forsøksordninga i samarbeid med sørsamisk sokneråd. Sørsamisk sokneråd oppsummerte denne evalueringa slik i brev til Nidaros bispedømeråd 14. mai 2012: «Nidaros bispedømmeråd søker om en permanent ordning med en samisk menighet i sørsamisk område.»
Kyrkjelyden sitt namn er Saemien Åålmege.
Sørsamisk kyrkjelyd hadde i 2009 120 medlemer, i 2011 289 medlemer og hadde pr. 1. januar 2014, 392 medlemer.
Den sørsamiske kyrkjelyden ligg under tilsynet til Nidaros biskop, men har eit støre geografisk område for verksemda si. Det særskilte kyrkjelege tilbodet til sørsamer i og utanfor sørsamisk språk-område skjer ved prest for sørsamer. Ein dagleg leiar for kyrkjelyden (50 % stilling) blei tilsett i 2009.


Sak KM 15/15 Prinsipp for kyrkjebygg
Sak KM 16/15 Reglar for bruk av kyrkjene
Ei sak om teologiske, historiske og kyrkjerettslege perspektiv på kyrkjebygget. Saks må sjåast i samanhang med sak KM 16/15 Reglar for bruk av kyrkjene.
Sakspapira gjer greie for kvifor kyrkja treng eigne kyrkjebygg. Dei kyrkjerettslege perspektiva på saka handlar mellom anna om begrepet ”vigsling” og spørsmål knytte til utleige av kyrkja til andre livssyns- og trussamfunn.
I framlegget til vedtak heiter det mellom anna at kyrkjerommet berre kan leigas ut til seremonier i regi av kristne trussamfunn og at livssynsnøytrale rom ikkje skal inngå som delar av kyrkjerommet i ei vigsla kyrkje.
Revisjonen av reglane for bruk av kyrkjene handlar mykje om auka vektlegging av lokal beslutningsmyndigheit i kyrkja. Det blir lagt opp til at soknerådet får myndigheit til å innføra mellombelse installasjoner i kyrkjerommet. I Bispemøtets fråsegn til regelendringane (sak BM 34/14), blei det streka under at reglane må presisera kva som er meint med omgrepet «mellombels».
- Dette kan vere av betydning for ikkje å uthula det regelverket som skal ivareta den gjennomførte liturgiske karakteren i kyrkjeromma, heitte det i Bispemøtets fråsegn.


KM 18/15 Reglar for bruk av klokkene i kyrkja
Kyrkjene får frå tid til anna spørsmål om å ringe med kyrkjeklokkene for å markere aksjonar eller støtte demonstrasjonar. Mange er usikre på korleis reglane er for dette.
I reglane for bruk av klokkene i kyrkja heiter det at klokkene skal tene det liturgiske livet i kyrkja. Det inneber at ein er restriktiv i bruk av klokkene til anna føremål. Til revisjonen av reglane er det foreslått eit nytt punkt:
- Ringing med kirkens klokker kan ikke benyttes for å markere deltagelse i aksjoner eller som støtte til demonstrasjoner. Kirkerådet/Bispemøtet kan bestemme at kirkens klokker skal brukes i spesielle situasjoner.

Kontaktinformasjon for Kirkemøtet

Kirkemøtets adresse: Kirkerådet Rådhusgata 1-3, Pb 799 Sentrum, 0106 Oslo.

T 23 08 12 00. E-post: post.kirkeradet@kirken.no

Kontaktperson: Assisterende direktør i Kirkerådet Gerd Karin Røsæg
gr254@kirken.no Tlf.: 23 08 12 40 / 48 99 12 40

Kirkemøtet  2019: 27. mars - 2. april - Trondheim
Kirkemøtet  2020: 22. - 28. april - Trondheim

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Dybvig
Digital redaktør: Svend Ole Kvilesjø