Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Strategiplan for likestilling mellom kjønn i Den norske kyrkja 2015-2023

Formelt er kvinner og menn likestilte i det norske samfunnet. Også i Den norske kyrkja har kvinner og menn dei same rettane sjølv om det, som elles i samfunnet, er ulike syn på kjønn og forholdet mellom kjønna.

Likestilling mellom kvinner og menn blir ofte rekna som sjølvsagt. Historia viser likevel at likestilling er eit resultat av at det i mange generasjonar har vore kjempa og arbeidt i både medvind og motvind. Oversikta over viktige årstal lenger bak i dette heftet viser historiske milepålar i kampen for rettar. Delen om statistikk kan seie noko om den faktiske situasjonen.

Strategiplanen (vedteken av Kyrkjerådet i juni 2015) gjeld først og fremst forholdet mellom kvinner og menn, jenter og gutar. Men likestilling på dette området må òg tolkast i ein vidare samanheng der mellom anna kjønnsidentitet og seksuell identitet spelar ei rolle.

Visjonsdokument for Den norske kyrkja ”Meir himmel på jorda”, som Kyrkjemøtet 2014 vedtok, legg føringar for arbeidet i Den norske kyrkja og er med og skaper samanheng mellom ein overordna strategi og enkeltplanar. Underordna strategiplanar innanfor dei ulike felta er ein del av den strategiske satsinga i kyrkja og utdjupar denne satsinga.

Den reviderte strategiplanen for likestilling mellom kjønn i Den norske kyrkja er laga for å konkretisere korleis kjønns- og likestillingsperspektiv skal innarbeidast i kyrkja. Det er ikkje lagt opp til noka prioritering mellom delmåla.  

Likestilling er ein del av arbeidet i kyrkja og må vere ein naturleg del av heilskapen og prege heile den kyrkjelege verksemda, både planprosessar og praktisk gjennomføring. Som arbeidsgivar har kyrkja eit særleg ansvar for å motverke diskriminering (§ 5 i likestillingslova) og arbeide aktivt for å fremje likestilling (§ 23 i likestillingslova). Arbeidsgivar pliktar dessutan å førebyggje og hindre trakassering (§ 8 og § 25 i likestillingslova).

Med utgangspunkt i strategiplanen blir kyrkja utfordra nasjonalt, regionalt og lokalt til å ta eit sjølvstendig ansvar for å konkretisere, integrere og setje i verk. Det må tenkjast heilskapleg og tverrfagleg i arbeidet for å sikre at kjønns- og likestillingsperspektivet er med i all kyrkjeleg verksemd. Det gjeld både i konkrete saker og på strukturelt og åndeleg plan. Derfor har både leiinga og vi alle eit ansvar for at Den norske kyrkja fungerer som eit likeverdig og likestilt fellesskap.