Forslag til forretningsorden for UKM

Plenumsarbeid

1. Ungdommens kyrkjemøte arbeider gjennom plenumssamlingar og komitear.

2.   Møtet blir leidd av tre dirigentar. Dei treng ikkje vere blant delegatane. Møteleiinga har plikt til å leie forhandlingane i tråd med dei reglane som til kvar tid gjeld for Ungdommens kyrkjemøte og vanleg møteskikk.

3.   Når møtet begynner, skal det veljast eit teljekorps og referentar som under møtet rettar seg etter tilvisingar frå møteleiinga.

4. Når møtet begynner, skal det veljast valkomité. Det veljast ein person frå Utval for Ungdomsspørsmål (Ufung) og to av delegatane.

5.   Delegatene teiknar seg til innlegg ved handsopprekking. Det er høve til å ha inntil to korte replikkar og ein svarreplikk til kvart innlegg for å oppklare misforståingar, svare på spørsmål eller liknande.

6.   Møteleiinga skal, når det er påkravd, regulere taletid og høve til replikk. Når møteleiinga ønskjer å setje strek, skal ein kunne teikne seg under innlegget til den neste talaren. Møteleiinga kan redigere talarlista for å få fram høgdepunkt i debatten.

7.   Den som teiknar seg til forretningsordenen, dagsordenen, voteringsordenen eller for saksopplysning, skal få ordet like etter siste talar. Forslag om å avbryte ei sak, oppheve at strek er sett eller gå direkte til røysting, skal takast direkte opp til votering.

8.   I saker der det skal gjerast vedtak, skal behandlinga i hovudsaka skje både i komitear og plenumssamlingar. Ei sak går først til behandling i ein komité, som diskuterer seg fram til ei felles fråsegn som skal leggjast fram for møtet i plenum. Ei sak kan behandlast fleire gonger i plenum eller komité. Dersom ein komité kjem med ei delt innstilling, skal innstillinga frå både fleirtalet og mindretalet leggjast fram for plenumssamlinga. Saker kan òg behandlast direkte i plenum.

9.   Delegatene har frammøteplikt til alle komité- og plenumssamlingar. Fråvær skal godkjennast av komitéleiaren eller dirigentskapet etter skriftleg søknad.

10.       Ungdommens kyrkjemøte kan gi gjester og andre inviterte talerett. Ein representant for Metodistkirkens Ungdomsforbund blir invitert til å delta på Ungdommens kyrkjemøte, også komitémøta, med møte- og talerett.

 

Komitéarbeid

11.   Sekretariatet i kyrkjerådet set saman komiteane ut frå dei behova ein ser er til stades, og nemner opp ein leiar for kvar komité. Leiaren har ansvar for å koordinere arbeidet i komiteen.

12.   Kvar komité skal ha nødvendig sekretærhjelp.

13.   Komiteen vel den arbeidsforma og organiseringa som ein finn mest tenleg, for eksempel skiping av underkomitear.

14.   For at ein komité skal vere vedtaksfør, må 2/3 av medlemmene vere til stades.

15.   Komiteen presenterer innstillinga si ved byrjinga av behandlinga av den saka komiteen har hatt til behandling. Dersom komiteen leverer ei delt innstilling, skal mindretalet også få presentere synet sitt. Fleirtalet og mindretalet skal ha like lang taletid.

 

Røystingar og val

16.   Før ein går til votering, gjer møteleiinga greie for voteringsordenen. Møteleiinga avgjer voteringsordenen i samsvar med god møteskikk, slik at forslag blir tekne opp til votering i logisk rekkjefølgje.

17.   Røysting skal gjennomførast ved at det blir vist røysteteikn eller ved skriftleg røysting. Alle røystingar ved personval skal vere skriftlege. Det kan berre røystast ved personleg frammøte. Vedtak skal ha simpelt fleirtal. Delegatar til Ungdommens kyrkjemøte har røysteplikt. UKM kan vedta å fråvike dette prinsippet i enkeltsaker.

18.   Ungdommens kyrkjemøte sender fire representantar med tale- og forlagsrett til å delta på Kyrkjemøtet. Tre representantar blir valde av Ungdommens kyrkjemøte, og éin representant blir utnemnd av Utval for ungdomsspørsmål.

 

Anna

19.   Kyrkjerådetssekretariatet får fullmakt til å rette skrivefeil og til å gjere redaksjonelle endringar i protokollen. 

Kontaktinformasjon for Den norske kirke, Kirkerådet

Besøksadresse: Kirkens Hus Rådhusgata 1-3, Oslo Åpningstider resepsjon: Mandag-fredag kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse: Kirkerådet Postboks 799 Sentrum 0106 Oslo
E-post: post.kirkeradet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Ansvarlig redaktør:
Ingeborg Dybvig

Nettredaktør:
Gunnar Westermoen