Seminar: Tilbakeblikk på reformasjonsjubileet

Praktisk informasjon

Dato:12.1.2018

Sted:Litteraturhuset i Oslo, kl. 10.00-16.00

Arrangør:TF (Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo) og KIFO (Institutt for kirke-, religions-, og livsynsforskning)

Seminaret skal handle om korleis historia om reformasjonen blei “gjenfortalt” i 2017. Det skal drøfte iscenesetjinga av reformasjonsjubileet, mest i Norge, men også med eksempel frå andre nordiske land og frå Tyskland. Ei sak som gjer feiringa i Norge 2017 særleg interessant, er at ho fell saman med den formelle avviklinga av statskyrkja, eit ektefødd barn av reformasjonen. Korleis har statslutherdomen blitt feira i året for statslutherdomen si gravlegging på kyrkjeleg såvel som statleg hald? Og korleis har dei problematiske sidene ved Luther blitt handsama?

Innleiarar/paneldeltakarar (førebels liste): Per Kristian Aschim, Ånund Brottveit, Otfried Czaika, Hallgeir Elstad, Hallvor Nordhaug, Tarald Rasmussen, Aud V. Tønnesen, Margit Warburg, Olaf Aagedal.

Spørsmål om programmet sendes til: aagedal@kifo.no eller a.v.tonnessen@teologi.uio.no.
Praktiske spørsmål om seminaret og påmelding sendes til: ina.holmstad@kifo.no, tel 23 33 47 20.