Lat viljen din råda

Frå mørker til ljos. Frå død til liv. Frå liding til håp. Gud er nær, og kjærleiken er sterkare enn døden. Livet sigrar, skriv biskopen sin påskeandakt.

Altertavla i Sør-Fron kyrkje syner sorgen og lidinga med Jesus på krossen. Foto: Hamar bispedømmråd.

Det tomme mørkeret som fyller langfredag kan vi kjenne oss att i. Kanskje kan vi også kjenne att sorga, omsorga og kjærleiken som blir vekt i oss i møte med den lidande og den døde?  

 

Jesus skal snart takast ned frå krossen og leggast i grava. Og kvinnene ved krossen skal snart kikke inn i grava sitt tomme mørker, fylde av sorg, omsorg og kjærleik. Men kvar er Gud i alt dette meiningslause? Finst det håp? 

 

Jesus bad i Getsemane-hagen, før han vart tatt til fange og krossfest: «Lat viljen din råda.» Vi feirar ikkje påske fordi Jesus døydde på krossen. Vi feirar påske fordi fortsetting følgjer.  

Bøna i Getsemane er som eit ekko frå Fadervår: «Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen». Det er ikkje ei stadfesting på at alt som skjer på jorda er Guds plan. Det er ei bøn om at Guds himmelske vilje skal skje, i alt som møter oss på jorda. Også i møte med liding og død. At noko skal nyskapast.  

 

Kan det finnast ein god Gud, når det er så mykje vondskap i verda? Det spørsmålet står framleis uløyst, men det står ikkje utan svar. Gud er skjult for oss, men Jesus er synleg. Kristus på krossen fortel oss noko om Gud. Vi ser Guds kjærleik spikra på ein kross. Vi ser Guds nærvær i den lidande. Og vi kan kjenne att verdas naud og menneske si liding i Jesu død. Også fortvilinga, einsemda, kjensla av å vere attgløymd av Gud, ropet og stilla. Vi kjenner att døden og dødskreftene.  

 

Men vi kjenner att meir. I den krossfeste Jesus kjenner vi også att evangeliet om skaparen av himmel og jord. Han som gir livet sitt for venene sine. Som byd oss å elske vår neste. Som gjer sjuke friske og reiser opp den som snublar. Han tar til seg menneske som er på utsida, og forkynner nåde og hjartelag i ord og handling. Han syner oss ein kjærleik som er sterkare enn døden. Etter langfredagen si sorg og mørker kjem påskemorgonen med lys og glede. Det skjer, og livet vert skapt på ny. Fortsetting følgjer.  

Gud er nær, og kjærleiken er sterkare enn døden. Den tomme krossen minner oss om døden, men først og sist er det teiknet på den oppstadne Kristus. Livet sigrar. Guds nærleik og kjærleik finst i verda. 

 

God påske! 

 

Ole Kristian Bonden  

Hamar biskop 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"