Forslag til idéar for jubileumsmarkering på soknenivå

Bispedømmets jubileumskomité planlegg nokre større prosjekt for prosti- og soknenivå. Samstundes er det ønskje om at kvart sokn legg eigne planar for å feire jubileet hos seg. Det er derfor samla forslag og idéar med tanke på lokale jubileumsfeiringar.

Bakgrunn

Eit historisk jubileum som trekker linjene 900 år tilbake i tid, gjev oss høve til å gjera kyrkja synleg, det kyrkja har vore og det ho har betydd gjennom alle desse åra. Kva kyrkja gjer, er opptatt av i dag og ønskjer for framtida.

Når Stavanger bispedømme feirar 900 år, er det ønskje om at alle i Rogaland skal vite det, og at det også blir kjent utover fylket.

Eit jubileum gjev høve til å dvele ved fortida, sjå på tida no og forme framtida. Kva har vi lært? Kven er vi? Kor vil vi gå? Kva treng folk at kyrkja gjer og er for dei framover?

Bispedømmet legg blant anna opp til …

  • Jubileumskonfirmantar 2025
  • Stafettar
  • Opplegg for temagudstenester

 

Her er det samla idéar frå blant anna oppstartseminar med sokneråd og lokale historielag:

IDEAR FOR MENIGHET/SOKN I BISPEDØMMET

BARN OG UNGE Det er ønskjeleg at ein har tiltak for barn og unge. Sjå på høve for samarbeid med skular.

IDÉ: Sende bodstikke frå sokn til sokn med eit bodskap. Gjerne innanfor kvart prosti. F. eks la ungdom utforme ei helsing til nabosoknet og bringa denne, via bodstikka, ved ei gudsteneste der.

La unge intervjue eldre som kan fortelje frå staden, frå gamle dagar.

VANDRINGAR

Nytte pilegrimstanken som del av jubileet.

IDÉ: Pilegrim for ein dag – leggje opp turar kor ein er innom fleire kyrkjer. «Prostipilegrim» på busstur. Pilegrimsvandring til eiga kyrkje. Løfta fram dei gamle kyrkjevegane, og gå dei. QR-kodar med informasjon. «På kyrkjeveg» Kjenn ditt prosti. Besøke andre sokn og kyrkjer Byvandringar

 

LOKALT SAMARBEID

Samarbeid med lokalt historielag

Dei lokale historielaga vil vere naturlege samarbeidspartar med kunnskap og personar som kan bidra.

Leite etter det særeigne på kvar plass. Bli kjend med historia på kvar plass. Kyrkja, prestegarden, kyrkjevegen mm. «Slik kom kyrkja til oss i …» (Bygg, bodskap, varige spor)

Samling på «Kyrkjebakken» på gammal og ny måte, etter ein gudsteneste på jubileumsstafetten eller i jubileumsåret.

Skrive i sokneblad og årbøker til historielaga Kartlegging av gamle ruinar.

IDÉ: Felles styremøte mellom sokneråd og lokalt historielag. Drøfta kva som er typisk, stadeige og interessant med kyrkja si rolle hos oss. Leggja ein handlingsplan for bispedømmejubileet lokalt.

 

Andre moglege samarbeidsaktørar

- Det lokale bibliotek: T.d. temakveldar eller bibliotekutstilling

- Lokale museum: Samarbeid om føredrag eller utstilling. T d. dåpskjoleutstilling. Kjenn di kyrkje: Ofte kunnskapsløyse. Bruke fagfolk. Om bygg og inventar.

Registrering av gjenstandar i dei ulike kyrkjene. Samarbeide med lokale muséum. Fins det interiør frå gamle kyrkjer rundt omkring. (Vindu, dører, kunst…)

- Andre kyrkjesamfunn og andre trus- og livssynssamfunn. Nye landsmenn, nye sokn i lokalmiljøet (Eks russisk ortodoks)

- Lokale helseinstitusjonar

- Lions

- Kunstforeiningar

- Journalistar og arkiv

- Lokalt teaterlag - sogespel

- Museumsutstillingar?

- Samarbeid med lokale festivalar?

- Frå katolisisme til felleskyrkjeleg samarbeid. Økumeniske gudstenester med takk for tru og kyrkje i 900 år.

- Kystlaga. Fjorden, båtskyss. Arrangere tur med båt.

 

Aktuelle typar samlingar

· Sølvberget: Pensjonistuniversitet

· Bokpraten, Foredrag ved Torstein Jørgensen – på bibliotek el.

 

Ta gjerne kontakt for tips til folk som kan bidra.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"