Velkomen til konfirmasjon i Arna kyrkje

Her kan du melde deg på til konfirmasjon i Arna kyrkje!

Det er konfirmasjon i kirken, og tre konfirmanter ser i kamera etter de er konfirmert.

Invitasjon er sendt i posten til dei ungdomane vi har på medlemslista vår som er fødd i 2008.
På den lista er namnet til dei som er døypte i Den norske kyrkja. Om du ikkje får brevet frå oss, så ta kontakt, og vi sender deg informasjon. 

Alle er velkomen til å fylgje konfirmantopplegget. 

Dåpen er ein føresetnad for å delta i den avsluttande forbønsgudstenesta.
Hvis du ikkje er døypt, kan du vere med på undervisninga og det som skjer.
Finn du ut at du vil konfirmerast, legg vi til rette for dåp før konfirmasjonen. 

Påmeldinga på nett vil vere open frå 2. juni kl 09.00 til 1. juli kl 15.00
Om det ikkje er mogleg for deg å melde på digitalt, send meg ein epost. 
Det er ikkje for seint å melde seg på etter 1. juli, men då må du kontakte Arna kyrkjekontor for påmelding.
Send epost til
kateket Cathrine Snipsøyr: cs262@kirken.no eller til
Arna kyrkjekontor: arna.menighet@kyrkja.no 

 

Trykk her for å melde deg på til konfirmasjon. 

 

Dersom du ikkje er sikker på alt som skal fyllast ut, skriv du det du veit, og sender inn, så ordnar vi det som manglar etter kvart.  


For å melde deg på treng vi litt informasjon.
Dette kan vere greitt å finne fram før du opnar det elektroniske skjemaet.

  • Fødselsnummer (11 siffer), namn, adresse, mobil og epost til konfirmant og foreldre / føresette
  • Fødselsdato, fødestad (kommune), dåpsdato og dåpsstad for konfirmanten 
  • Eit bilde av konfirmanten for at konfirmantleiarane skal lære namn 
  • Særlege behov (f.eks. sjukdom, lese- eller skrivevanskar, konsentrasjonsvanskar, allergiar…) Dette kan være viktig for oss å vite, slik at vi kan legge opp til eit best mogleg undervisningsopplegg
  • Vi ber deg også godkjenne om vi kan kunngjøre namn og bilete av konfirmanten i lokalavisa, kyrkjelydsbladet, på Arna kyrkje si nettside og facebook. Det gjeld først og framst namneliste før konfirmasjonen.


Konfirmasjonsdato: 
Konfirmasjonsdagane i 2023 er søndag 7. mai, lørdag 13. mai og søndag 14. mai. 
I påmeldingsskjemaet kan du velge dato. 
Når det er fullt på ein konfirmasjonsdag, vil den ikkje lenger vere synleg i skjemaet på nettet. Då må du velge ei anna dato og stå på venteliste til den dagen du helst vil ha.


Du kan følgje med på Arna kyrkje si nettside for informasjon: www.kyrkja.no/arna
Arna kyrkjelyd har også Facebookside: https://www.facebook.com/arnakyrkje 
Vi har ei Facebookgruppe for konfirmantar, føresette og leiarar i konfirmantåret 2022-2023. Då kan du søke opp Konfirmanter i Arna kyrkje 2023. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"