Vanlege spørsmål

Foreldre og foresette har ofte spørsmål knytt til kven som kan delta i konfirmasjonstida og kva som krevst for å vera med.

Tre konfirmanter på konfirmasjonsleir smiler til kamera.

Her er nokre av spørsmåla som oftast blir stilte rundt konfirmasjon og konfirmasjonstida.

Har du andre spørsmål eller lurer på noe rundt opplegget, ta kontakt med kyrkjelyden for meir informasjon (soknerpest Ingvar Fløysvik, tlf. 916 06 626, e-post: if952@kyrkja.no)

Barnet vårt er ikkje døypt. Kan det bli konfirmert?
Barnet kan melda seg på til konfirmasjonen og delta i konfirmasjonstida. For å bli konfirmert må ein vera døpt. Dette kan skje i løpet av konfirmasjonstida.

Ingen av oss foreldre er medlemmer i Den norske kyrkja. Kan barnet vårt konfirmerast?
Ja. Viss jenta eller guten ikkje er døypt, må det skje i løpet av konfirmasjonstida. Viss de er katolikkar, er det viktig å vera klar over at konfirmasjon i Den norske kyrkja ikkje gjeld som konfirmasjon i Den katolske kyrkja. Frå vår side er det ingen ting i vegen for at barnet kan konfirmerast begge plassar. Barnet blir ikkje medlem av Den norske kyrkja ved å bli konfirmert (viss ungdomen derimot blir døypt i den norske kyrkja, blir ho eller han automatisk medlem).

Kva gjer eg om eg ikkje har dei pengane konfirmantopplegget kostar?
Då kontaktar du soknepresten. Så ordnar det seg.

Barnet mitt vil melda seg på til konfirmasjonsopplegg i ein annan kyrkjelyd enn der vi bur. Er det mogleg? Koster det noko?
Det går greitt. Det vil kosta det same for ditt barn som for dei som høyrer til i soknet.

Dotter mi er 16 år. Ho ønskjer å bli konfirmert. Kva gjer vi?
Det går greitt. Det finst inga øvre aldersgrense. Er det OK for henne å gå til undervisning med dei som er eit år yngre?

Barnet mitt har ikkje sove heimefrå sjølv om ho/han er 14 år. Vi er litt urolege for korleis det skal gå på leir.
Mange konfirmantar opplever leir som eit minne for livet. Konfirmantleiarane gjer sitt beste for at det skal vera eit godt minne. Difor er det bra at dei ansvarlege veit om uro og utfordringar den enkelte konfirmanten kan ha. Elles: I Ytre Arna har vi vår konfirmanthelg på Wallemtunet. Det er ikkje lenger vekke enn at det er overkomeleg for foreldre å henta før leggjetid og levera om morgonen, om det skulle vera nødvendig.

Barnet mitt har dysleksi og er redd for å lesa høgt eller gjera noko anna der det blir tydelig at det ikkje les så godt. Kva kan eg som forelder gjera?
Du skriv "dysleksi" som merknad på innmeldingsskjemaet. Då tek vi omsyn til det.

Barnet vårt er eigentleg for ung til å bli konfirmert, men vil vera saman med vennene sine som er ett år eldre.
I Den norske kyrkja skal konfirmasjonen normalt skje det året konfirmanten fyller 15 år. Viss det er særlege grunnar, kan kyrkjelyden gjera unnatak. Ta kontakt med kyrkjelyden og fortell kvifor de ønskjer konfirmasjon no. Spør dykk likevel først kva de trur dei som er gamle nok, tenkjer om at barnet dykkar blir med i konfirmanttida no. For det kan vera ei vond kjensle å oppleva at dei andre meiner du ikkje skulle ha vore der.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"