Ytre Arna kyrkje

Ytre Arna kyrkje - etter at biletet vart teke, har flygelet og lysgloben bytt plass

Ytre Arna kyrkje

Kyrkja har rundt 200 sitjeplassar (medrekna galleriet). Det er rullestolinngang på høgre sida av kyrkja. Bak til venstre i kyrkja er det ein liten leikekrok med eit lite bord, teiknesaker og bøker for små born.

Å koma til kyrkja:

  • Buss nr. 91 stoppar rett utanfor kyrkja begge vegar.
  • Parkeringsplassen har nok plassar til vanlege gudstenester. For konfirmasjonssundagar, store gravferder mm. må du rekna med at det er trongt om plassen.
  • Det er ikkje eigne HC-plassar. Men eit par bilar kan stå inne på plassen framfor kyrkja.
  • Det er trapp opp til hovudinngangen, men du finn sidedør på høgre sida (sida som ikkje vender mot sjøen) med rullestolrampe.

Kyrkjerommet:

  • Du finn toalett i det vesle bygget til høgre for kyrkja (altså på den sida som ikkje vender mot sjøen). Det eine er HC-toalett.
  • Det er ingen trinn i kyrkjeskipet, men tre trinn opp til koret. Når det er nattverd, set ein opp ei handrekke i trappa. Det finst skjenar som kan setjast opp om det er nødvendig (til dømes viss foreldre eller fadrar til eit dåpsbarn bruker rullestol).
  • Teleslynge er installert.
  • Me har ikkje leielinjer for mobilitetsstokk. Men det ligg eit teppe i midtgangen, og teppekanten har vore brukt som leielinje.
  • Gudstjenesteprogram vert til vanleg vist på skjerm. 
  • Skulle ein måtta rømma bygningen, kan ein i tillegg til hovuddøra bak nytta dei to utgangane ved hjørna bak eller gå gjennom sakristia framme. Berre utgangen i hjørnet som vender bort frå sjøen, er utan trappesteg. Viss det er folk på galleriet, er det fint om ein nede nyttar dei fire andre utgangane til galleriet er tømt.

Kyrkjelydshuset:

  • Det er ikkje trappetrinn inn til kyrkjelydshuset gjennom døra på langsida.
  • Det er ikkje teleslynge i kyrkjelydshuset.

Litt historie:

Allereie då Arna vart skilt ut frå Haus som eige sokn, kom tanken opp om eit kapell i Ytre Arna. Jepsen-brørne, fabrikkeigarane, ville flytta Mjelde kyrkje til industristaden, men laut nøya seg med å kjøpa treverket og setja opp eit forsamlingshus, det som no er Ytre Arna bedehus. Men sjølv om folk i Ytre Arna no slapp å kryssa Sørfjorden for å koma seg til kyrkje, laut dei likevel ro inn heile Vågen eller gå kjerrevegen inn til Indre Arna - med finklede, dåpsbarn og det dei elles måtte ha med.

I 1895 fekk heradstyret i Haus eit brev frå fabrikkeigar Jürg Jebsen: Han ville byggja kapell i Ytre Arna. Fabrikken skulle stå for vedlikehaldet, om berre kommunen og kyrkja kunne lova dei to gudstenester i månaden og halda organist, belgtrøar og kyrkjetenar. Etter ein god del om og men gav både heradsstyre, soknestyre og sokneråd klarsignal. Arkitekt Schak Bull teikna kyrkja, og Peter Gabrielsen frå Spjotøy i Lindås bygde. Den 5. oktober 1899 kunne bygget innviast. Kyrkja har ei systerkyrkje i Berger i Vestfold. Kyrkja vart overdregen frå Arne fabrikker til Arna sokn i 1937 - i samband med at Ytre Arna skulekrins og Haugland skulekrins vart eit kapelldistrikt.

Til 50-årsjubileet i 1949 gjekk kyrkja gjennom ei storvøle. Det meste innvendes vart endra. Arkitekt Ole Landmark hadde laga planane, og kunstnaren Axel Revold måla altertavle og laga dekor for altarbogen og felta under knestokkane i taket. Sperretaka i koret og skipet vart underkledde. Koret vart retta ut, preikestolen flytta, og galleriet fekk ny front. Då Ytre Arna vart eige sokn i 1953, vart òg Arne kapell til Ytre Arna kyrkje.

Altarbiletet er altså frå 1949. Det viser Jesus på krossen. Menneska under krossen står i mørkeret. Einast Johannes får lys frå krossen over andletet sitt. Den øvre delen av biletet er prega av lys, og englar blæs i basunar – dei veit tydeleg det menneska under krossen enno ikkje anar, at sigeren er vunnen. Under biletet står desse orda: «Det er fullført.» Frå først av då kyrkja vart bygd, stod ein enkel kvit kross på grøn botn i altartavla. Denne krossen heng no i prestesakristiet. Seinare gav lækjaren Gudrun Kolderup eit bilete måla av Moritz Kaland. Dette biletet hang lenge i bedehuset, men har no kome tilbake til kyrkja og heng i rommet over våpenhuset.

Kjelde: Arnold Nævdal: Ytre Arna kyrkje 1899-1989

 

Fotograf på alle bildene: Tor Oddvar Holmefjord

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"