Biskop Veitebergs preike i Oslo domkirke 31. mars 2024

Påskedag, tekst: Matteus 28,1–10 Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. 3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. 4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. 5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. 6 Han er ikkje her; han er reist opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er reist opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. 9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»

Biskop Veitebergs preike i Oslo domkirke 31. mars 2024

(Miracle, a noun meaning «amazing or wonderful occurrence,» comes from the Latin miraculum «object of wonder.» Dig way back and the word derives from smeiros, meaning «to smile,» which is exactly what you do when a miracle happens.) 

Se, berøre og bli berørt og satt i bevegelse - det er det påskedag 2024 handlar om.

Kristus er oppstanden!

Ja, bodskapen kjem til oss:

Takk for songen, orda og energien! Påskemorgon, med trombonar, trompet og horn!

Dette er noko vi alle kan lenes oss mot.

 

Matteus evangeliet slår også på stortromma,med ein engel som kjem med kraftig jordskjelv,

ser ut som eit lyn, og kledd i klede kvite som snø.

 

Engelen hadde rulla vekk steinen og sat,

smilande vil eg tru, oppå han

og sa at Jesus var reist opp: «Vær ikkje redde»

Kvinnene, dei skunda seg, redde, men jublande glade «og sjå»!   Jesu kom mot dei!

Ja, dei var «redde, men jublande glade» fobos som fobi og megalas choras.

 

Går det an å vere begge delar, redd og jublande glad,  på ein gong? Ja, eg trur det.

I dag er det kanskje det første, redselen, vi har lettast for kjenne oss igjen i: Med netthinner fylte av bilde av krigshandlingar og vald.

Mange av oss kjenner på avmakt og håpløyse, no. I dette

pressar desse orda seg på: «Redde, men jublande glade..»

...

Sjå,  ja - SJÅ

Sola, ho gløder. Ser du det, her inne?

Takk du Hugo Mohr som måla ho

– ho lyser!

Hugo Mohr begynte å male i 1938.

Vit at meste parten av dette 1200-kvadratmeter takmaleriet er måla under okkupasjonen. Det er måla i ei tid då ein song nasjonalsongen i smug, «.(...).skjønt det mørkt så ut.»

 

Sjå: Det norske flagget rundt Lasarus si oppstode, der er eit lite kreativt teikn på motstand Og  sjå nord der dei grip Jesus i Getsemane og heng han opp på krossen. Mobben putta nazihjelm på han.

Midt under okkupasjon blei sola og oppstoda måla her inne i kyrkjerommet

....

Eg får hjelp til å gå inn i påskebodskapen, når eg ser for meg at denne Hugo Mohr stod her inne, i år etter år under okkupasjonen og måla. I mørker måla han

lyset, sola og oppstoda og samstundes som han hinta om okkupasjonsmakta.

 

Redde men jublande glade – «Og sjå, Jesus kom imot kvinnene og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han.»

Kan dette og hjelpe oss?  Ta på og røre ved den sårmerke kroppen?

 

Det er lett – også om vi ser oss om i kyrkja, og ikkje har med oss konteksten -

Norge under okkupasjon - å gå seg vill i all herlegheita. Det er lett å forsvinne litt oppi der, og gå seg vill og omhylle seg med alle desse svære orda:  Herre, herre

mektige konge, du som har all makt i himmel og på jord.

Eg, er så heldig å få vere biskop for døvekyrkja her til lands.

Den første presten for døve i Norge, Conrad Bonnevie-Svendsen,var døveprest i femti år,

til han gjekk av for aldersgrensa i 1968.

Svendsen hadde lært seg tegnspråk og kommuniserte med døve på hjartespråket deira.

I ei av dei første årsmeldingane for Hjemmet for Døve reflekterer han over teiknet for

Jesus:

«...paa den maade at de fører pegefingrene mod haandfladerne.  Et forunderlig tegn! De kunde jo gjort tegnet for den rætferdige og hellige og gode,eller tegnet for den, som gjorde undergjerninger. Men alt dette er for dem ikke det mest karakteristiske ved Jesus. Han med naglegabene og saarene, han er Jesus Kristus».

 

Kan eg og du lære noko og sjå noko viktig her, som døve

kan lære oss? 

Jesus, med gap etter naglane, sårmerkt.

Når vi deler ut nattverd i Døvekirka så seier vi «Dette er Jesu legeme» sånn:

Det er den sårmerkte som kjem mot oss

....

Eg det den sårmerkte vi i dag, 2024, har vanskar med å tru på og tilbe?

I Gaza, Palestina og Israel no og Sør Sudan og Ukraina: Der har ein sett opp nokre som massive og blytunge steinar som ikkje let seg rokke: For

makta

- «min pappa er sterkare enn din pappa» -

torer visst ikkje å opne for den sårmerkte.

 

Alle desse steinane som blokkerer for liv!  -

Kanskje dreg vi kvar og ein av oss nokre personlege steinar med oss også,  steinar som blokkerer for at hjarta opnar seg...?

Velt steinen bort! .

...

Sjå og sanse, berøre og bli berørt og bli sett i bevegelse: Det er det påskedag 2024 handlar om.

Korleis kan vi hjelpe kvarandre til å sjå noko anna enn død, fortviling og mørkre og steinar som blokkerer?

 

Eg trur vi treng kvarandre.

Kvinnene og dei andre disiplane var heldigvis fleire og

det demra for dei litt etter litt, etter berøring, sansing og felleskapsmøter.

..

I Tel Aviv no i slutten av februar, møtte eg den erfarne israelske journalisten Gideon Levy. Vi snakka om elenda og mogelegheita for at okkupasjon og krigen skal opphøyra. Gideon sa at

i ein slik situasjon som det no er i Midt Austen kan ein ikkje anna enn å vere realist, det vil seie:

«If you are in the Middle East, you should be realistic enough

to believe in miracles »   

 

-kan ein ikkje anna enn å vere realist, det vil seie å tru på mirakel!

At det uventa skal skje, at det må skje.

Tru på mirakel,

midt i redsla, under okkupasjon:

Redde, men jublande glade.

-sjå: Sola gløder!

 

Mirakel,

eit slags jordskjelv,

ein ny fødsel, der Gud, skaparen og den krossfeste, skapar nytt liv, framtid og håp.

Tru på mirakel

og halde fram med å synge påskesalmar, med trombone, trompet og horn,

kanskje i trass, kanskje med eit dirrande håp:

Jesus, den sårmerkte, er stått opp frå dei døde.

«Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»

 

ÆRE TIL GUD I HØYESTE; lysets og livets kilde.

 

 

(God påske 2024!)

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"