Påskehelsing frå kyrkjeverja

Påska er ei viktig høgtid i kyrkja, som startar med palmesøndag, og påskeveka som vert kalla «den stille veke», så skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan, påskedag og i Norge også 2. påskedag. 

Påskehelsing frå kyrkjeverja

Mange Høgtidsdagar som for mange betyr hovudsakleg feriedagar. Påska varierer på tid i kalenderen etter vårjevndøgn og første fullmåne etterpå, med andre ord mellom 22.mars og 25.april. Dette er ei tid med snø på fjellet og vår i lufta, med lengre dagar og høgare temperaturar. Slik har påska vorte ei utfarts-høgtid der mange reiser til hytta på fjellet eller til andre reisemål. Slik har vi fått mange ord som forbinder oss med påske og fritid, men somme ord også om den kristne høgtida. For eksempel påskefjellet, påskekylling, påskeegg, påskeliljer, påskelam, påskesol, påskepynt, påskemarsipan, og no innfører eg eit nytt ord; påskesafari! Kva er no det?

I fellesrådsområdet er det mange som nyt fritid på «påskefjellet», og mange reiser til kommunane for å feriere i sine hytter og ferieleilegheiter i fjellet. Særleg Strandafjellet og Overøye med alpinanlegga og gode oppkøyrde langrennsløyper er populære turmål, som mange av oss gleder oss over. Det er også mange som ikkje reiser så langt og nyt heller dagsturar i nærområda.

I påskehøgtida vert det gudstenester på alle høgtidsdagane i ei eller fleire av dei sju kyrkjene vi har i bygdene rundt Storfjorden. Slik kan vi invitere deg til ei rundreise, eller ein påskesafari, til fleire kyrkjer og gudstenestestader, slik at du kan få med deg påskebodskapen dag for dag i påskeveka.

Palmesøndag med tekstar om Jesu inntog til Jerusalem kan du delta i Stranda, Sunnylven og Liabygda kyrkjer, og på Fjordheim i Tafjord.

Skjærtorsdag kan du få med deg friluftsgudsteneste ved alpinsenteret på Overøye, eller gudsteneste i Stranda kyrkje på føremiddagen.  Eller du kan besøke ei av kyrkjene i Valldal eller i Norddal på ettermiddagsgudstenester, og Sunnylven kyrkje om kvelden.

Langfredag med passions-gudstenester og Kristi lidingshistorie vert halde i Stranda kyrkje om føremiddagen og i Geiranger kyrkje om kvelden.

Påskedag med oppstandelsen og håpet tent igjen får du med deg i Stranda, Sunnylven, Liabygda og Norddal kyrkje på føremiddagen, og i Geiranger kyrkje på ettermiddagen.

Andre påskedag vert oppstoda feira i Stordal og i Sylte kyrkjer. Klokkesletta til gudstenestene finne de på nettsida www.kyrkja.no/storfjorden

Så kanskje du får lyst til å ta med deg påskemarsipanen og påskekaffien og dra på påskesafari? Reise til ulike kyrkjer, og få med deg påskehøgtida sin bodskap kronologisk ved å delta på gudstenester alle påskedagane. Og samtidig får du besøke nabobygda si kyrkje og kan nyte påskekosen på nye stiar og turmål i nærområdet.

GOD PÅSKE!

Petra Riste Synnes, kyrkeverje.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"