Gudsteneste til minne om miraklet på Rønneberg

Den 28.august er det 100 år sidan det skjedde eit mirakel på Rønneberg i Eidsdal. For å markere dette skal vi ha ei friluftsgudsteneste på Rønnebergsetra denne søndagen.

Det som skjedde var at ein to år gamal gut, Erling Rønneberg, kom bort frå faren sin og brørne sine medan dei arbeidde ute laurdag den 27 august 1922. Dei oppdaga ikkje at han var borte før på kvelden. Dei leitte til det vart mørkt, men fann han ikkje. Det var kaldt og regnvær, og alle var redde for vesleguten. Bestemora til guten var ei dame som trudde på Gud, og ho bad om at guten måtte bli funnen. Ho var overbevist om at dei skulle finne han. Nokre ungdommar hadde kome heim frå Geiranger seint på kvelden, og dei hadde sett eit sterkt og klart ljos oppe i fjellsida. Dette var eit ljos ingen kunne forklare, og morgonen etter gjekk faren til guten og fleire opp dit dei hadde sett ljoset. Og der var guten, våt og kald, men i live.  Ljoset kan ingen forklare den dag i dag. Berre at dette var eit ljos som Gud tende.

Denne utrulege historia vil du kunne høyre fortald i denne friluftsgudstenesta, der vi også skal takka og tilbe vår Gud som gjer under og mirakler også i vår tid og i våre liv. Det vil også bli arrangert tur etter gudstenesta opp til staden der guten vart funnen for 100 år sidan. Det vil også verte tid til ein god prat med kaffe og kaker. (Ta med kopp!) Og til å møte Marie, søstera til Erling, og fleire frå hans familie som fortsatt bor på Rønneberg. Ta kontakt med Frode Rønneberg om du skulle trenge å bli kjøyrd opp med traktor.

Parkering på Rønneberg.
Det tar ca ein halv time å gå på ein kjerreveg opp til sætra.

 

                                                                                                                                                            

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"