Gudstenester 18.april

Søndag 18.april vert det gudsteneste i Stranda kyrkje og Sunnylven kyrkje.

I Stranda kyrkje er det gudsteneste kl.11.00

I Sunnylven kyrkje er det gudsteneste kl.17.00

Dei planlagde gudstenestene i Stordal og Norddal vert avlyste av omsyn til smittesituasjonen i Fjord kommune.

Det er ikkje påmelding til gudstenestene, men av omsyn til smittevern er det eit maks tal på kor mange vi kan ha i dei ulike kyrkjene.

Stranda kyrkje: 64 personar 

Sunnylven kyrkje: 76 personar

*Deltakarar som er i same husstand kan sjå bort frå kravet om avstand mellom seg, og på denne måten kan det ved nokon tilfelle vere plass til fleire i kyrkja enn oppgitt i oversikta over.

 

 

Tilviste plassar

Det er markert med nummer kor ein skal sitte i kyrkjene. 

 

Song

Det er krav om minst 2 meter frå skulder til skulder i alle retningar ved innendørs allsong. I kyrkjene våre betyr dette kravet at vi må avstå frå allsong.

 

Registrering


Vi er pålagt å registrere alle som kjem med namn og telefonnummer. Dette for at helsemyndighetene skal ha høve for å spore eventuelle smitte i etterkant. Namnelistene vert oppbevart konfidensielt i 14 dagar. Det ligg lister ein kan skrive seg opp på i våpenhuset.

Når maks antal personar er inne i kyrkja, vil dei som kjem etter at kyrkja er "full" møte ein plakat på ytterdøra med beskjed om at det er fullt. Det er merkeleg og sårt for oss å skulle avvise nokon til kyrkja, men vi ber om forståing for at det må vere slik pga smittevern.

 


Delta på arrangement i din heimkommune

Regjeringa presiserer at smittesituasjonen i landet framleis er ustabil og med fare for smitteauking, og seier at ein ikkje bør delta på arrangement i anna kommune enn heimkommunen. Dette for å unngå å samle personar frå ulike kommunar.

 

Generelt smittevern

  • Hald 1meters avstand
  • Hald deg heime viss du er sjuk eller har luftvegsymptom
  • Vask/sprit hendene ofte. (I kyrkjene våre finn du handsprit i våpenhuset).

 

 

Spørsmål

Ta gjerne kontakt med oss på epost: post.storfjorden@kyrkja.no eller på tilf: 40441522 og 40441523 viss du har spørsmål kring gudstenestene.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"