Ledig stilling som trusopplærar

Storfjorden kyrkjelege fellesråd har ledig 50%stilling som trusopplærar frå 01.08.22

Trusopplæraren vil få ansvar for trusopplæringsarbeidet i alle sokna i Stranda og Fjord kommunar etter vedteken trusopplæringsplan. Dei fleste av tiltaka vert utførde i kyrkjer og kyrkjelydshus, og i nært samarbeid med den andre trusopplæraren og med sokneprestane.

Stillinga er fleksibel og du får stor fridom til å planleggje arbeidstida di sjølv.

Arbeidsoppgåver
  • Leie og gjennomføre ulike trusopplæringstiltak for aldersgruppa 0-13 år
  • I samarbeid med kollega og frivillige i sokna vidareutvikle trusopplæringsarbeidet for alle i alderen 0-18 år.
  • I samarbeid med stab bidra inn i det øvrige kyrkjelydsarbeidet for born og unge.
  • Delta i stabsmøter
  • Rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar
Kvalifikasjonar for trusopplærar: 
  • Relevant utdanning, gjerne bachelorgrad med kristendom/teologi og pedagogikk.
  • Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning.
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom, gjerne trusopplæringsarbeid.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
I tillegg ynskjer vi at trusopplærar er / har: 
  • Kontaktskapande med evne og vilje til å utvikle godt samarbeid mellom heim og kyrkje.
  • Glad i å arbeide med barn og unge
  • Kreativ og nyskapande
  • God formidlingsevne og god motivator.
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og under leiing/ rettleiing i team
  • Erfaring med å bruke IT-verktøy og sosiale mediar i arbeidet
Særskilte krav 
  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkje
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket er nynorsk
  • Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.
  • Ved tilsetjing må det framvisast politiattest etter Trussamfunnslova §20.

Vi tilbyr
  • Løn etter avtaleverk for kyrkjeleg sektor
  • Medlemskap i KLP
  • Relevante kurs og vidareutvikling

Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Petra Riste Synnes, tlf. 91519869

Søknad med CV sendast: Storfjorden kyrkjelege fellesråd, Postboks 32, 6201 Stranda, eller epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Søknadsfrist 22.05.22.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"