Orgelklubben på Orgelsafari

Orgelklubben i Møre har denne helga vore på «Orgelsafari» i fem kyrkjer i Ålesund kommune: Ørskog, Skodje, Ålesund, Borgund og Volsdalen.

Orgelklubben på Orgelsafari

Det var spennande å få prøve dei svært forskjellige orgela og høyre kor unik klang kvart av dei har. Det var også interessant å sjå korleis orgela er tilpassa dei ulike kyrkjeromma og kunsten der. Alle er svært vakre, med kvar sin stil og eigenart. Vi fekk overnatte i klubblokala i Volsdalen kyrkje, og der vart det musikk, spel, godteri og latter til langt på kveld. Søndag var vi med i gudstenesta i Borgund kyrkje. Der sang barnekoret Syng Sang så flott, og alle i orgelklubben spelte litt kvar. Folk var entusiastisk glade for musikken til dei unge musikarane. Her var det melodiar både frå filmar born ser på, og frå orgelmusikken sin store meister, J.S.Bach. 

      Linnèa Møller i Borgund kyrkje, 13.11.22.jpg

 

 

Orgelklubben i Møre er eit tilbod for ungdommar og born frå ca. 5.klasse og oppover som er interessert i å spele orgel. Det er ein open klubb der det alltid er plass for nye, og det er ingen nivåkrav  for å vere med. Klubben har samlingar ca. fire gongar pr år. Sist samling var i Molde domkyrkje, med besøk av kantor og komponist Robert Coates. Han har komponert tre folketonesuiter til Orgelklubben i Møre. Til våren planlegg vi å ta med orgelsuitene og reise til Nidarosdomen og møte orgelklubben der. Der skal vi få spele på Norge sitt største orgel. 

Instruktørar og leiarar i orgelklubben er kantor i Geiranger og Sunnylven, Gunnar Inge Eide, og kantor i Sykkylven, Rose Iren Stave.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"