Vil du vere med å forme kyrkja i bygdene rundt Storfjorden?

Vi inviterer alle som bur i Fjord og Stranda kommunar til å gje ei tilbakemelding på kyrkja sitt arbeid, og kome med forslag på nye aktivitetar i kyrkja. Du får no høve til å uttale deg om korleis du ønskjer kyrkja i framtida.

Vil du vere med å forme kyrkja i bygdene rundt Storfjorden?

Kyrkja i bygdene rundt Storfjorden

Fellesrådet består i dag av sokna i Fjord og Stranda kommunar. Det er 6 sokn og 7 kyrkjer med 3 prestar i området. Kyrkja driv mykje godt arbeid i bygdene rundt fjorden, men kan også verte betre. Og korleis vi kan verte betre, det vil vi spørje innbyggarane om.

 

Vi ønskjer at du skal kjenne deg heime i kyrkja di

Difor inviterer vi til å svare på nokre spørsmål som omhandlar gudstenesta, kyrkjelydsarbeidet; - tiltak for barn, unge, unge vaksne, familiar og eldre, om song og musikk m.m.

Mange møter kyrkja i ulike livsfasar, og mange deltek fast i gudstenester og andre aktivitetar. No er det alle som bur i Fjord og Stranda kommunar som skal få vere med å gje tilbakemelding og kome med innspel på det eksisterande arbeidet, og gjerne kome med forslag på nye aktivitetar.

Du får no høve til å uttale deg om korleis du ønskjer kyrkja i framtida

Fleire spørsmål har svaralternativ som ein kryssar av, og somme spørsmål er opne der ein skriv eige svar.

Du finn undersøkinga ved å klikke på lenka under:

Spørreundersøking kyrkja i bygdene rundt Storfjorden

Og den vil også være å finne i papirform i kyrkjene, som de kan levere til presten eller til kyrkjekontoret på Stranda. Den vil vere tilgjengeleg ut juni månad.

Tusen takk for at du bidrar med dine tilbakemeldingar og idear for kyrkja!

Helsing kyrkjelydane i Fjord og Stranda kommunar

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"