Allhelgenskonsert Jazz & Koral og Vox Virorum

Ulstein kyrkje, 5. november 2023, kl. 19:00

bilde av koret Vox Virorum og ensemblet Jazz & koral

Jazz & Koral har, tradisjonen tru på Allehelgensdag, konsert i Ulstein kyrkje, denne gongen saman med Vox Virorum frå Hareid som gjestar.

Konserten med Jazz & Koral markerer slutten på ei helg der mange har kjent på saknet etter dei som er borte. Over heile landet har kyrkjene halde ope denne helga og tatt i mot folk som har hatt behov for det. Slik også i Hareid og Ulstein.

Jazz & Koral hadde sin fyrste konsert i Ulsteinvik i 2007 som eit prosjekt. Denne var svært vellukka og ensemblet må kunne kallast ein suksess etter fleire vellukka kyrkjekonsertar i Ulsteinvik, Spjelkavik, Fosnavåg, Larsnes, Voldsdalen, Sjøholt, Sæbø, Volda og Valderøya.

No er Jazz & Koral klar for ny konsert i Ulstein kyrkje første søndagen i november, og byd i år på ein variert konsert med salmar som utgangspunkt først og fremst.

Ståle Helvig og Rune Ertesvåg let dei to svært ulike instrumenta kyrkjeorgel og gitar møte kvarandre for nye tolkingar av nokre av våre mest kjære salmar. 

Ann Cesilie Skundberg er gruppa sin faste vokalist. Ho har lang fartstid som songar og meistrar det sakrale i salmar og sjelfull song i jazz-, soul- og gospelsjangeren.

Bertil Tødenes, Jan Thormodsæter og Bjørnar Hovlid utgjer resten av bandet i Jazz & Koral. Alle dyktige og erfarne musikarar på sine instrument, slagverk, bass og piano- og er også mykje brukte i andre musikalske settingar og prosjekt i området.

Vox Virorum frå Hareid, mannskoret med ei dame, har vore ønske som gjestar på Allehelgenskonsert i Ulsteinvik før, men først i år blir det realitet!

Koret har markert seg sterkt i kormiljøet på Sunnmøre, dei har delteke både i NRK og TV2, dei fekk Premio Speziale for uvanleg fin ensemblesong under ein korfestival i Italia, og dei har formidla vakker korsong i messe i sjølvaste Peterskyrkja i Roma.

I dag har koret 9 mannsstemmer og ei kvinnestemme, og fleire av songarane har dirigenterfaring frå andre kor. Dei syng romantisk kormusikk, nyare norsk og nordisk musikk, kyrkjemusikk, Johan H. Grimstad, Bellmann og Beatles.

På konserten i Ulstein kyrkje vil dei også samspele - og synge nokre salmar med spennande arrangement av Bjørnar Hovlid og Jan Thormodsæter i Jazz&Koral.

Billettpris: kr. 250 + kr. 20 billetteringsgebyr

Billettsal via Sjøborg si billettteringsløysing

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"