Valresultat soknerådsval 2023

11. september blei det valt eit nytt sokneråd for Ulstein sokn. For første gong var det mulig å røyste digitalt. Slik blir det nye soknerådet

samanstilling av portrettbilde til alle nye valde medlemar i Ulstein sokneråd med navn.

Dette er det nye soknerådet - rangert etter talet på røyster på dei ulike kandidatane

1. Øyvind Hagen (754)
2. Odd Arne Vikebakk (734)
3. Silje Kiperberg Aksnes (733)
4. Linda Hasund (703)
5. Cecilie Frantsen Skeide (698)
6. Ingrid Redse Mjaaseth 670)
7. Berge Myrene (666)
8. Gunn Marthe Veddegjerde Pieroth (658)
9. Beate Hopland Langnes (649)
10. Monica Leine Tokheim (647)
11. Janne Fylsvik Rønningen (639)
12. Marianne Follesøy Kaldhol (627)
13. Mali Åm (626)

Gratulerer med mandatet og tilliten! På heile 69% av dei leverte røystene har veljarane gitt personlege røyster til kandidatane. Dette tyder på ei levande demokrati der veljarane aktivt bruker retten sin til å medbestemme. 

Dei første 8 er faste medlemar, dei 5 siste er vara. Soknepresten har alltid ein fast plass i sokneråd.

Det nye soknerådet skal konstituere seg på sitt første møte 8. november.

Sjølve deltakinga i kyrkjevalet for Ulstein sokn var under forventninga. 614 av 5536 medlemar med røysterett brukte røysteretten sin. Det er berre 11% oppslutnad om valet.
260 røyster blei gitt digitalt, noko som for første gong var mogleg ved eit kyrkjeval.
354 røyster blei gitt på papir, 74 av desse ved førehandsrøysting.

Vi vil takke alle som stilte som valfunksjonærar i vallokale, og ved organisering og gjennomføring av val. Takk for god hjelp frå Ulstein Arena, Hasund Grendahus, Haddal skule og Ulstein skule for gode vallokale. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"