Info om konfirmantåret 2024-2025

Info om konfirmantåret 2024-2025

Her er oversikt over det konfirmantane skal vere med på i løpet av konfirmantåret:

  • Undervisning i grupper, sjå meir om det nedanfor
  • 10 gudstenester, medrekna presentasjonsgudsteneste, lysmesse (Seim/Lygra), gudsteneste på leir, gudsteneste på Konfirmantfestivalen og konfirmasjonsgudsteneste.
    Skulegudstenesta før jul tel òg, dersom du går på den. 
  • Fasteaksjon - digital bøsseinnsamling til Kirkens Nødhjelp
  • Konfirmantleir
  • Konfirmantfestival - felles for alle konfirmantane i Nordhordland
  • Sorgseminar

Grupper
Haustsemesteret består stort sett av gruppeundervisningar. Konfirmantane melder seg på éi gruppe og har undervisning i den gruppa. Målet er at dei får vera på ei gruppe litt ut frå interesser eller ønsket om å prøva noko nytt. Dei får med seg all undervisning dei skal ha - men forma er litt annleis. Me trur dette vert eit skikkeleg fint opplegg der konfirmantane får utfordra seg, får meistra nye ting, får fine samtalar på ulike arenaer og får mulighet til å vera seg sjølv og bidra med noko dei syns er kjekt. 

Her kjem litt info om dei ulike gruppene:

Q&A-konfirmant:
For deg som er glad i å prata om store og små ting i livet. For deg som har mange spørsmål om kristen tru, om livet, om døden, og om alt mulig anna! Her er det rom for at me kan snakka om alt mellom himmel og jord, og saman lærer me noko nytt om kvarandre, oss sjølv og Gud. Me er stort sett i kyrkja/kyrkjekjellaren, og lagar gjerne noko godt å eta saman, pratar gjennom spel, aktivitetar, og heilt vanlege samtalar i ein sofa eller rundt eit bord. Kom med alle dine tankar og spørsmål - kom som du er. 


Friluftskonfirmant:
På denne gruppa er me mykje ute. Me skal ikkje klatra Mount Everest, men me nyttar stort sett nærområdet vårt. Me lagar bål, går på turar, pratar, og har rett og slett konfirmantundervisning i det fri. Du treng ikkje noko fancy utstyr eller erfaring frå friluftsliv for å vera på denne gruppa. Me er som oftast ute på gruppesamlingane, du får informasjon i forkant. Her lærer du å bruka naturen på ein enkel og god måte, samstundes som du får fullverdig konfirmasjonsundervisning. Ein kjekk måte å få bruka kroppen, kanskje læra noko nytt innan friluftsliv, og samstundes læra om Gud, deg sjølv og andre. 

 

Idrettskonfirmant: 
Likar du å vera i fysisk aktivitet? Syns du det er kjekt med konkurransar og leikar? På denne gruppa skal me prøva ulike idrettar og aktivitetar, det er mykje leik og bevegelse. Undervisninga knyt me inn i samlingane. Dette er gruppa for deg som syns det verkar kjekt å kombinera fysisk aktivitet med ein dose leikenhet, ein liten dose sunt konkurranseinnstinkt og ein dose konfirmantundervisning. 
Du treng ikkje har erfaring frå ulike idrettar for å vera med, du treng ikkje vera god, men du må vera open for å prøva noko nytt og å vera med på det som skjer. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"