Konfirmasjon

Konfirmasjon er eit tilbod til dei som skal byrje i 9. klasse .  Dette handlar om ditt liv og dine spørsmål. Heilt enkelt det som er viktig for deg. Konfirmasjon handlar òg om å bli betre kjent med kristen tru. Du får sjansen til å utforske mange viktige spørsmål. I konfirmanttida vil det og vere mogleg å bruke nye sider ved deg sjølv, utan krav til prestasjon. Her kan du lese meir om konfirmanttilbodet i Osterfjorden. Påmelding til konfirmasjon finn du nederst på sida.