Vigsel i Alver

Guds glede blomstrer atter når to har sagt sitt ja.

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løftene vert gjevne med vitne til stades.

Å inngå ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjend vigselsperson skal erklære at ekteskapet er gyldig. Eit bryllaup i kyrkja kan vere enkelt eller påkosta. Brudefolka kan vere unge eller godt vaksne.

Dei kan feire dagen med familie, slekt og venner. Dei kan sei ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllaup – i kyrkja vert livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning.  Alle par som har gifta seg borgarleg er velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet.

Koster det noko å gifte seg i kyrkja?

Å gifte seg i ei av kyrkjene i Alver er gratis når éin av brurefolka er medlem av Den norske kyrkja og er busett i Alver kommune.

For andre er prisen kr 6 250 for leige av kyrkja inklusive organist og kyrkjetenar. Dersom brureparet ikkje er medlem av Den norske kyrkja eller er busett utanfor prostiet, må ein også avklåre bruk av prest og betale bispedømet for bruk av denne. 

Leigetakar må sjølv stå for evt. pynting av kyrkja.

Kyrkje med kyrkjetenar: kr 3 500
Organist: kr. 2 900