Juleandakt frå biskoppen

EI KROPPSLEG JUL

Det vart ein underleg julaftan for eitt år sidan. Det var koronatid og grenser for det meste på alle kantar. Dersom vi ville samlast i kyrkja, kunne vi berre møtast veldig få. Nokon trassa vêr og vind og heldt gudstenesta utandørs, men dei fleste heldt seg nok heime. Eg håpar vi ikkje får oppleva slike tilstandar ein gong til.

For viss det verkeleg er ei tid på året der vi må møtast fysisk og kroppsleg, ta kvarandre i handa, og gjerne òg gi kvarandre ein skikkeleg klem, så må det vel vera i jula. Jul handlar nemleg om kropp og om nærvær.

Vi feirar at Guds Son vart menneske og lagt i krubba. Jesus var eit heilt vanleg barn til fingerspissane – og samtidig noko så uvanleg som ein halv meter Gud, lagt på strå og utlevert til Marias og Josefs omsorg. Guds Son vart eit foster og eit spedbarn, hjelpelaus og hjelpetrengande. Slik vi alle kom inn i verda, og var avhengige av å bli godt mottatt.

Når jula handlar om noko så fysisk og så kroppsleg som dette, blir det ikkje heilt det same å feira denne hendinga framfor kvar vår skjerm. Det er mykje bra som blir formidla på nettet og på TV ved juletider, og for den som sjølv ikkje kan komma til kyrkja er skjermen mykje betre enn ikkje noko.  Men når vi feirar at Guds Son kom til verda i ein liten gutekropp, er det ingen ting som kan erstatta den fysiske og kroppslege samlinga.

Gud søkjer oss som heile menneske, så la oss møte han slik. Difor håpar eg at du som les dette tek på deg (regn)frakken eller kåpa, og tek turen til kyrkja denne jula. Kom gjerne på julaftan! Men sjølve dagen, Jesu fødselsdag, er faktisk 25. desember – og vi held fest den dagen òg.

Når Gud vil møta oss alle i kyrkja, er det grunn god nok til å komma. Slik hyrdingane kom til stallen og tilbad, sjølv om dei nok ikkje heilt forstod kva dei var med på.

Men kan du ikkje komma til kyrkja, så vêr trygg på at Gud uansett vil møta deg der du er og dela dagane dine med deg. For etter den første jula, då Guds Son vart menneske, er det ingen menneske og ikkje noko menneskeleg som er framand for Han.

Eg ønsker deg og alle dine ein glad og velsigna jul!

 

Halvor Nordhaug

Biskop i Bjørgvin

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Aurland kyrkjelege fellesråd

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"