Temagudsteneste 7. februar kl. 11.00 i Trudvang: Kjærleik i koronatider

Kyrkja i Aurland går nye vegar for å gjennomføre gudsteneste på ein god måte

Gudsteneste i kinosal

Streaming av gudstenesta ligg på facebook sida "Kyrkja i Aurland". Lenk til gudstenesta ligg nederst på denne sida.

For nokre år sidan hadde me gudsteneste på Ægir i Flåm, og no skal me ha gudsteneste på Trudvang kino.

I kyrkjene er det no berre mogleg å ha max 10 personar i gudstenester i tillegg til medvirkande. Grunnen er at fastmonterte benker ikkje vert rekna som «fastmonterte seter». I store, luftige Vangen kyrkje kan me difor ikkja eingong ha 1 person på kvar av dei 3 meter lange benkene. Difor tek me no grep for å få plass til fleire personar utan å «gå på akkord» med smittevern og tryggleik. Me legg opp til 2 meter avstand mellom deltakarane slik at dei kan ta del i salmesongen, og me har sjølvsagt håndsprit ved inngangen. Me fører pålagd namneliste som kan leggast fram ved evnt. smittesporing. Denne lista har me no ført i mange månader, men me har heldigvis aldri hatt bruk for ho. Lista skal oppbevarast i 2 veker før ho vert makulert.

Aurland har nokre år hatt tradisjon med «Kjærleiksgudsteneste» i samband med Valentindag, men denne gongen vert det temagudsteneste «Kjærleik i koronatider». Ein kjærleik som gjeld alle aldersgrupper. Me legg stort fokus på kjærleiken menneska imellom og mellom menneske og Gud.

Gudstenesta er ved prest John Ove Thaule og det vert solosong ved vår vikarorganist Ellen Marie Selland Geithung og songlærar Øyvind Ottesen frå musikk- og kulturskulen i Aurland.

Ut frå tilrådingar frå FHI/regjeringa, so vert gudstenesta berre for innbyggjarar i Aurland kommune, men me ynskjer alle dei velkomne. I alle fall til me når grensa for kor mange det er plass til med nødvendig avstand. Kor mange det då er plass til, kjem an på kor mange som kan sitje tett og kor mange som må ha avstand. Det kan hende at me streamar gudstenesta og deler på kyrkja i Aurland si facebookside, men det er ikkje heilt bestemt enno.

Problemstillinga på «fastmonterte benker» i forhold til «fastmonterte seter» er noko som KA (kyrkja sin arbeidsgjevarorganisasjon) jobbar med opp mot departementet, og som me håpar vil løyse seg etterkvart. Skulle me vere so heldige at det er endringar i dette regelverket ein av dei næraste dagane, slik at me kan ha fleire i kyrkja, so kan det vere at gudstenesta vert i Vangen kyrkje. Det vil i so fall bli formidla so godt me klarar bl.a. med plakat på døra og via nettsider og Facebook. Men slik det ser ut no, so vil du få oppleve ei gudsteneste i kinosalen til Trudvang kino.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Aurland kyrkjelege fellesråd

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"