Eit bibelord og ei salme til jul..
Rydd Herrens veg i ørkenen,
jamn ut i øydemarka ein veg for vår Gud!
Kvar dal skal hevast, kvart fjell og kvar haug skal senkast.
Bakkete land skal bli til slette og kollane til flat mark.
Herrens herlegdom skal openberra seg, alle menneske skal saman sjå det.
For Herrens munn har tala.
Esaias 40.
«Ære være Gud i det høgste, og fred på jorda» song englane då Jesus blei født.
«Vær ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket» fekk nokre gjetarar høyre.
Det folket som ferdast i mørkret, skulle få sjå eit stort lys.
Korleis kan ein håpe eller tru på slike ord.
Vi har juleglede i blomsterpotte; eller vi syng med i «Deilig er jorden».
Vi opplever sjukdom, sakn og død; og fred og glede er blåst bort.
Då duger det ikkje med julekos og opplevingar av julefred.
Eg er lyset for verda, den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens lys. (Johannes evangelium 8,12)
«Fylg meg» sa Jesus.
Kva vil det seie for meg å fylgje Jesus?
Eg spør meg det spørsmålet mest dagleg.
En krybbe var vuggen som ventet ham her,
Det lille barn Jesus, vår Frelser, så kjær.
Men stjernene lyste helt inn der han lå,
Det lille barn Jesus, på leiet av strå.
Så enkelt og stille kom Gud til vår jord.
Så høyt eg jeg elsket av Jesus, min bror.
Han kom fra Guds himmel, Gud selv var han lik,
men Jesus ble fattig, og jeg er blitt rik
Fra krybben til korset gikk veien for deg,
slik opnet du porten til himlen for meg.
Velsign oss, vær med oss, gi lys på vår vei,
så alle kan samles i himlen hos deg!
Stein Oltedal. Vikarprest i I.Bremanger