Vedtekter for kyrkjegardane i Fusa

Vedtektene for kyrkjegardane i Fusa kommune bygger på lov av 7. juni 1996 nr. 32 om kirkegårder, kremasjon og gravferd (gravferdslova) og forskriftene til gravferdslova. Vedtektene er vedteke i Fusa sokneråd sitt møte den 8. september 2010, sak 2010/055. Bjørgvin bispedømeråd har godkjent vedtektene i sitt brev dat. 29. september 2010, jfr. Gravferdslova § 21. Desse vedtektene erstatter dei tidlegare vedtektene, og tek til å gjelde frå 1. januar 2011.

§ 1 - KYRKJEGARDSTILHØYRING 

Avlidne personar i kommunen kan gravleggjast på den kyrkjegarden i kommunen som ein måtte ønskje og som er i bruk. 

Soknerådet kan etter søknad tilvise grav til personar utan bustad i Fusa mot betaling etter gjeldande satser. Dette gjeld for personar som har vakse opp i Fusa kommune eller budd i Fusa i delar av sitt liv, og vedkomande sin nære familie. Som nær familie meiner ein her ektefelle/sambuar og born.

 

§ 2 - FREDNINGSTID OG FESTETID

Fredningstid for kistegraver og urnegraver er 20 år.

Der er følgjande særbestemmelser:

1.      På Nordtveit kyrkjegard er det ikkje høve til oppattgraving for kistegraver, men det er høve til å setje ned urner.

2.      På Hålandsdal kyrkjegard, felt B og C, er det ikkje høve til oppattgraving for kistegraver, men det er høve til å setje ned urner.

3.      På Holdhus kyrkjegard er det høve til kun urnegraver, og løyve gjeld for dei familiane som har avgitt grunn til kyrkjegarden.

Ved bruk av kistegrav er det høve til å feste plass ved sia av, og etter søknad til soknerådet for ei ekstra grav når behovet tilseier det. Desse gravene utgjer då ein gravstad.

Ved bruk av særskilt urnegrav kan ein ikkje feste ei grav ved sida av.

Når frigravperiode og festeperiode er ute, kan gravstaden festast for nye 10 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykkje frå soknerådet.

I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 mndr. etter forfall, fell gravstaden attende til kyrkjegarden.

Ingen kan gravleggjast i festa grav utan samtykkje frå festaren. Dersom den ansvarlege eller festaren sitt samtykkje til bruk av festa grav ikkje kan innhentast, kan soknerådet avgjere spørsmålet om gravlegging. Festaren pliktar å melde frå om endring av adresse.

 

§ 3 - GRAV OG GRAVMINNE

Ved opning av grav kan jord leggast på kringliggande graver og gravutstyr mellombels flyttast. Kyrkjegarden sørger for istandsetting att og skal sørge for at grava vert planert og isådd med gras etter gravlegging.

Montering av gravminne kan skje etter at soknerådet har godkjent gravminnet og merka stad der det skal stå. Det kan ikkje setjast opp tidlegare enn 6 månadar etter gravlegging av kiste.

På ny festa gravstad vert gravminnet plassert i bakkant av den grava som er teke i bruk. Ved neste gravlegging vert gravminne midtstilt på gravstaden. 

 

§ 4 - PLANTEFELT OG PLANTEMATERIALE

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vere breiare enn breidda på gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm. breidt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm., målt frå bakkant av gravminnet. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.

Det er høve til å ramme inn plantefeltet med steinramme. Denne kan ikkje vere fastmontert saman med fundament eller gravminne og skal gå i flukt med terrenget rundt. Rammene må tåle belastning av kyrkjegarden sine vanlege maskiner.

Laus dekorting skal fjernast etter bruk.

Det er høve til på eige ansvar å montere lykter, vaser og anna dekor på gravminnet over plantefeltet eller inne i sjølve gravminnet. Dette må monterast slik at det er enkelt å fjerne/byte. Evt. fotografi av gravlagt montert på gravminnet må ikkje vere større enn 9x12 cm.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Plantar, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal vere komposterbart.

 

§ 5 - STELL AV GRAV

Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller av kyrkjegardsbetjeninga.

 

§ 6 - GRAVSTELLAVTALE

Ved innbetaling av ein bestemt sum fra ansvarleg for frigrav eller festar, evt. dødsbu, vil soknerådet overta ansvar for planting og vedlikehald av gravstad. Midlane forvaltast av soknerådet. Det innbetalte beløp med tillegg av renter skal dekke utgiftene til planting og vedlikehald av gravstaden samt administrasjon og revisjon for eit fastsett tidsrom etter ein inngått gravstellavtale, men minimum for fem år.

Det kan ikkje gjerast avtale for lenger tid enn festetida eller ein tilsvarande periode. Dersom det i avtaleperioden oppstår slike økonomiske tilhøve at midlane ikkje strekk til, skal soknerådet gi melding om dette til den ansvarlege eller festaren. Då er det høve til å auke kapitalen slik at den varer tida ut. I motsett fall vil vedlikehaldet opphøyre når midlane er oppbrukt.

Om der står att rest av kapitalen når avtaletida er ute, blir desse å nytte til forskjønning av kyrkjegarden.

Kapital frå dei ulike avtalene forvaltast felles, men det føreset eige rekneskap for kvar avtale der ein har årleg revisjon.

 

§ 7 - BÅREROM

Soknerådet disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda, som er død i Fusa og/eller skal gravleggjast i Fusa. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.

 

§ 8 - NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal hente inn løyve frå soknerådet. Løyvet kan inndragast om vedkomande ikkje retter seg etter dei reglane som til ei kvar tid gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver. Slikt arbeid skal skje på kvardagar innanfor tida kl. 07-18.

Tilsette av soknerådet kan ikkje mot godtgjersle utføre tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med kyrkjegarden å gjere.

 

§ 9 - DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE

I særlege tilfelle kan soknerådet dispensere frå §§ 7 og 8.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"