Gjennom opplevingar, aktivitetar og erfaringar vil vi at alle skal få lære å kjenne den trua dei er døypte til. Trua kan utforskast gjennom handlingar, ord og fellesskap. Dette deler foreldre, fadrar og kyrkjelyd ansvar for. Valderøyingen Anne-Helen Roaldsnes har sidan 2009 arbeidd med trusopplæring i dei fire kyrkjene våre. Ho er utdanna lærar og har jobba i vidaregåande skule og i barneskule. Når ein får barn er det mykje som skal lærast. I dåpssamtalen saman med presten snakkar ho alltid om kveldsstund på sengekanten med lesing og godnatt-bøn, søndagsskule og dåpsdagsfeiring. Enkle grep som gjer det naturlig å snakke om tru heime.
Kyrkja inviterer til babysang, småbarnssang, 2 årstreff, 4 årstreff, 6 årstreff, Tårnagenthelg, LysVåken, konfirmasjon og Malaki kafe med meir. Som firebarnsmor har ho stor forståing for den hektiske kvardagen foreldre og barn lev i. Mange av treffpunkta vi inviterer til er ettermiddagar kl 17 og nokre foreldre kjem med litt høge skuldrar- dei rakk det akkurat. Men så senkar dei skuldrene, er tilstades og får med seg noko verdifullt. Trusopplæring er meir enn å besøke kyrkja – det er å kome ein stad der ein høyrer heime.