Lys Vaken

Velkommen til Lys Vaken - overnatting i kyrkja!

Lys Vaken

Her finn du info om Lys Vaken 2023. Nytt arrangement kjem hausten 2024. 

 

Velkommen til Lys Vaken - overnatting i kyrkja!

Norheimsund kyrkje: for 5. trinn i Norheimsund og Strandebarm, 11. - 12. november.

Øystese kyrkje: for 5. trinn i Øystese og Ålvik, 18. - 19. november.

Alle 5. klassingane i Kvam er velkomne til å overnatta i kyrkja! Lys vaken starter lørdag kl.18, og me skal syngja, leika, læra om Jesus, ha godnattsamling i soveposane og mykje meir! Søndagen et me frukost i lag i kyrkja, og avsluttar med ei gudsteneste kl. 11 der heile familien din er velkomen

(Du kan sove heime, om du heller vil det).     

 

Arrangementet er gratis!                

Ta med: uteklede, innesko, nattøy, sovepose, liggeunderlag, toalettsaker, håndkle og eit tomt syltetøyglas. Dei som skal sove heime kan ta med eit teppe til soveposesamlinga kl. 22.30.

Hugs!! Dei som søv heime må vera tilbake i kyrkja seinast 9.30 på søndagen. Då skal me øva til gudstenesta og leika. Kom gjerne til frukost kl. 8.30. På laurdagen kan dei bli henta litt før kl. 23.00. 

Velkommen! Me gler oss til å sjå dykk!                                    

Invitasjon kjem i posten og annonse kjem i avisa. Born som ikkje er døypte eller medlem i DNK er også velkomne, men dei får ikkje personleg invitasjon i posten. 

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"