Nettpreike Påskedag 2021

Nettpreike Påskedag frå Kvam v. sokneprest Roar Strømme

Nettpreike Påskedag 2021

Luk 24,1-9

”DAGGRY”

 

«Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava», fortel evangelisten.. Ligg det ikkje eit håp alt i det: ”Ved daggry første dagen i veka”? Eit håp om lysare tider. Ja, håp om ein ny, livgjevande start, ikkje berre på dagen, men på livet.

 

Det kunne dei trenge. For det var ikkje berre nattemørkret som låg over kvinnene, når dei braut opp heimanfrå denne morgonen, for å sjå til Jesu grav. Nei, heile livslandskapet deira låg i mørker.  Vonbrotet og sorga sitt mørker. Det var jo venen deira som var død. Han som hadde delt så mykje med dei, desse åra dei hadde vore i lag. Som hadde hjelpt dei og rettleia dei. Ja, som dei hadde knytt så mykje håp og forventingar til. Håp og forventingar til Gud, og det han ville gjere gjennom han som no var død. Slik var det ikkje berre tapet av eit nært og kjært menneske som dei no bar med seg. Nei, det var tap og av tru og håp, ja, av Gud. For kvar var Gud når dette kunne skje?

 

I den sorga, ja, Guds-forlattheita sitt mørker, har dei mange med seg. Ikkje minst i desse tider. Ikkje sidan siste verdskrigen har verda vore i ei slik krise, som den  pandemien har kasta os ut i. Vi får det inn i overmål i alle kanalar, og treng ikkje falde det ut her.

 

I denne situasjonen leitar vi etter teikn. Eg merkar sjølv korleis eg straks vert dregen mot dei minste teikn på betring, midt i alle meldingane om det motsette. Vi treng teikn. Teikn som gjev håp om ei betre framtid.

 

Kvinnene ved grava får eit slikt teikn. Ikkje noko utvitydig som gjer at dei må forandre syn på det meste, nærast utan dei vil eller ikkje. Men like vel eit teikn, ja, eit sterkt teikn:  Den tome grava, og englane som fortalde om at Jesus var stått opp. Forvirringa deira er tydeleg, og spørsmåla står i kø. Nokre av dei gjev englane, som dei møter, svar på. Ikkje ved noko slags meir eller mindre overtydande argumentasjon, men ved å vise til Guds ord og lovnader. Slik minner dei kvinnene på kva Jesus sjølv hadde sagt om sin død og si oppstode. «Då kom dei i hug orda hans», høyrde vi.

 

Kva dette gjorde med trua og tanken deira, får vi ikkje innsyn i. Men vi ser kva det fører til. I lys av Guds ord og lovnader vert det som før berre var ei skakande og forvirrande oppleving, no ei Guds gjerning. Omfanget og følgjene av dette, hadde dei heilt sikkert ikkje oversyn over der og då. Men når Gudsordet kasta sitt lys over dette, såg og skjøna dei nok til at livet deira bokstaveleg tala tek ei ny retning. «Og dei gjekk bort frå grava, og fortalde det til dei elleve og til alle dei andre», las vi. Slik går dei bort frå den lammande sorga, til tru og handling i håpet.

 

Fullnaden i det som hadde hendt, forstod dei nok ikkje der og då. Men etter kvart ser vi at i det kristne fellesskapet som dei stod i saman med læresveinane, veks der fram ei livgjevande  og livsendrande tru på den oppstadne. Ja, dei ser at oppstoda endrar alt, ikkje berre i deira liv, men i heile verda til alle tider.

 

I botnen av denne totale endringa, ligg at Gud ved å reise Jesus opp frå dei døde, har rettkjent Jesu person og gjerning. No ser dei at Jesus ikkje for med laust prat eller at det var fromme fantasiar når han tala om Gud. Ja, om kva Gud ville gjere for verda gjennom han. «Gud har prova at Jesus er Guds son ved hans oppstode frå dei døde», som apostelen skriv. Oppstoda er Guds godkjenningsstempet, så å seie, på alt det som Jesus har sagt og gjort.

 

For dei som opplevde dette i si samtid, kvinnene, læresveinane og dei fyrste kristne, tydde dette at livet deira vart heilt omsnudd. Frå å vere vende mot sorga, tapet og det som var, vert dei vende mot trua, håpet og det som kjem. Slik ser vi dei gå ut i livet og i verda med stor tryggleik og enda større forventingar. Og etter kvart dagnar det at det har skjedd eit vendepunkt, ikkje i berre i deira livssoge, men i verdssoga. Lyset har sigra over mørkret. Livet har vunne og døden. Nåden har trumfa dommen. Ja, håpet har fordrive håpløysa. Ein ny dag og ei ny tid har brote inn i verda, ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde.

 

I denne tida. Lyset, livet, ja, trua og håpet si tid lever vi. Men det treng vi lyset frå påskemorgon, oppstode-lyset, til å sjå. Ja, til å tru og leve i. Slik har det alltid vore. Men i denne tida opplever vi dette ekstra sterkt. For både i oss og kring oss opplever og ser vi alt for mykje som tyder på det motsette. Over heile verda herjar dødskreftene på så mange vis. Ja, dei synest nærast uovervinnelege. Slik treng vi, som desse kvinnene ved grava, lyset frå Gudsordet og det kristne fellesskapet. Ja, lyset frå den oppstadne sjølv, for å tru og tene i oppstodekrafta som braut fram på påskemorgon.

 

Difor feirar vi denne dagen i tru og håp. Dette gjer vi ikkje åleine, men saman med dei truande i heile verda. Etter som det vert dag og lyset bryt fram på kontinent etter kontinent, lyder det «Kristus er oppstaden. Ja, han er sanneleg oppstaden!» I dette verdsvide fellesskapet får vi også hjelp til å sjå kva kraft og håp som spring ut av oppstoda. Dei aller fleste kristne på jorda lever jo under langt meir krevjande tilhøve hos oss. Ja, der døden og dødskreftene synest å ha enda større spelerom enn i vårt hjørne av verda. Like vel ser vi at menneske her, i trua og håpet som spring ut av oppstoda, møter motgang og motstand, med tru, tilbeding og teneste.

 

I dette ligg inga lettvint optimisme,  eller noko slags realitetsfornektande naivitet. Livsens realitetar ligg der, og dei må vi tale ærleg om. Som kristne skal vi tale sant, også om det vonde. Men vi må også tale sant om Gud. Han som har reist Kristus opp frå dei døde, og slik omslutta vårt vesle liv og den store verda, med sitt oppstodelys.

 

Difor gjev vi ikkje opp, men står på i tru og teneste, i tillit til Guds lovnadsrike framtid. Gud til ære og menneske til gagn.

 

«Lova vere Gud, vår herre Jesu Kristi far, han som i si store miskunn har fødd oss på ny til eit levande håp, ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde»

  

Ære vere Faderen, Sonen og Den heilage ande, som var, er og vera skal ein sann Gud frå æve og til æve!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"