Nettpreike til Skjærtorsdag 2021

Nettpreike til Skjærtorsdag frå Kvam 2021 v. sokneprest Roar Strømme

Nettpreike til Skjærtorsdag 2021

Luk 22,14-23.

Skjærtorsdagen er dagen då vi feirar Jesu innstifting av nattverden. Såleis er det dagen for fellesskap. Ja, det gamle ordet for nattverd er nett fellesskap (kommunion).

Det er eit krevjande tema i desse tider, då sosial avstand og isolasjon er den nye norma. Slik må det vere under dei rådande tilhøva. Som kristne skuldar vi å te oss i samsvar med dette, i nestekjærleiken sitt namn. Ja, ikkje minst av omsyn til dei mest utsette, som vi som kristne skal ha særleg for auga.

Men vi saknar det handfaste, fysiske fellesskapet. Rett har nok har vi teknologi til å halde kontakten gjennom tale og bilete. Det er ei god hjelp, også for det kyrkjelege fellesskapet. Det har mange av oss oppdaga, når vi no som kyrkje vart kasta ut i den digitale verda. Men etter som tida går vert det tydelegare og tydelegare at dette ikkje fullt ut kan erstatte det fysiske nærværet.

Det er ikkje overraskande. Gud har skapt oss til fellesskap med han og med kvarandre. Slik må det vere, fordi vi er skapte i Guds bilete, han som er fellesskap. Såleis har det frå æva vore eit fellesskap i Gud, mellom Faderen, Sonen og Den heilage Ande. Men dette fellesskapet søkjer ut over seg sjølv. Difor skapte Gud oss menneske, til fellesskap med seg og med kvarandre. Såleis er det ikkje godt for menneske å vere åleine, som står i skapingsforteljinga.

Det merkast på alle plan. Slik er fellesskapet ei kjelde til både styrke og glede. Men vi veit  også kor sårbart, ja, sundbrote dette fellesskapet er. Slik strevar vi med forholdet til kvarandre, både som einskildmenneske og som grupper. Dette brotne fellesskapet oss i mellom avspeglar det brotne fellesskapet med Gud. Det vi i kristen språkbruk kallar synd er jo ikkje fyrst og fremst umoralske handlingar, men det som hindrar fellesskapet vårt med Gud og kvarandre. Slik ser vi at i det som vi kallar syndefallet, vart forholdet til både Gud og medmenneske endra frå openheit og tillit, til at ein løyner seg og skuldar på kvarandre.

Evangeliet er at dette brotne fellesskapet er blitt lækt gjennom Jesus Kristus. Gud er beint fram så glad i verda og oss at han må gjenopprette fellesskapet med oss. Det skjer gjennom Jesu gjerning for oss, som toppar seg på langfredagen og påskedagen.

Men alt før desse avgjerande dagane er Jesus kjelde til fellesskap med Gud og kvarandre. Det vert ekstra tydeleg på skjærtorsdagen, då Jesus samlar sine næraste til påskemåltidet. I den jødiske tradisjonen er eit kvart måltid uttrykk for fellesskap. Like vel står påskemåltidet i ei særstilling. Her vert dei hendingane feira som skapte det jødiske fellesskapet. Ja, meir enn det. Gjennom dette rituelle måltidet vert fellesskapet fornya og forsterka. For dette er ikkje berre eit minnemåltid, men eit måltid som gjer Guds frelsande gjerningar nærverande og verkekraftige.

Det er i denne samanhengen Jesus feirar det siste måltidet med sine. Han held seg nøye til den jødiske tradisjonen, heilt til dei kjem til brødsbrytinga og skjenkinga av vinen. For når Jesus deler brødet seier han: ”Dette er min kropp, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.” Og som ikkje det var nok, tek han eit beger vin og seier: ”Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk.”

 

Lite tyder på at dei skjøna noko særleg av det der og då. Meininga såg dei først i etterkant av påskehendingane. Då ser dei at i dette måltidet overfører Jesus, i ord og gjerning, Guds frelseshandlingar på seg. Ja, han seier og viser at Gud gjorde i dei gamle påskehendingane, då Gud frigjorde og frelste folket sitt frå slaveri og naud, var berre noko førebels. Slik peikar det framover mot ei større frelse og ei djupare frigjering. Ja, eit nytt fellesskap ved han, Guds son, når han gjev seg sjølv for oss på krossen.

 

Større, fordi her står det ikkje berre om frigjering frå eit ytre slaveri og frelse frå ein ytre fare. Nei, her handlar det om sjølve dei menneskelege grunnvilkåra. At vi treng frigjering frå dødens og djevelens makt og velde. Og vi treng frelse frå Guds dom over vår synd og skuld.  Difor er denne frigjeringa og frelsa så mykje meir djuptgåande enn den som skjedde i gamal tid.

 

Ja, ho er også så mykje meir vidfemnande. For det som skjedde gjennom utferda frå Egypt berga eitt folk, av same opphav og tungemål, og gav dei fridom og frelse. Men her, i den nye påska, bergar Gud menneske av alle ætter og tungemål. Ja, han skaper eit nytt fellesskap, som ikkje kjenner språkgrenser eller landegrenser. Fordi dei er alle eitt i Kristus.

 

Dette fellesskapet tilhøyrer vi som trur på Jesus. Ja, som fortrøystar oss på påskehendingane som vår frigjering og frelse. Difor er nattverden, der desse påskehendingane vert gjorde nærverande og handgripelege for oss så viktig. Korleis dette kan gå til, kan vi ikkje skjøne fullt ut. Men som Luther skriv i den store katekisma, med tilvising til Jesu innstiftingsord:  ”Med dette ordet kan du styrke samvitet ditt og seie: Om hundre tusen djevlar og alle svermarar fer laus og spør korleis brød og vin kan vere Jesus lekam og blod, så veit eg at alle lærde ånder til saman ikkje er så kloke som den guddommelege majestet i sin minste finger. Her står Kristi ord: «Ta og et! Dette er min lekam.» Og vidare: «Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Dette held vi fast ved, og vil sjå den som kan meistre Kristus og gjere det annleis enn han har sagt.”

Slik handlar det beint fram om å halde seg til det som Jesus har sagt og gjort og handle deretter. Slik får vi ta imot nåden på synleg vis, til liv og fellesskap.

 

Difor ventar vi på at vi igjen skal samlast kring nattverdbordet. Ei slik venting har både einskildkristne og kyrkjelydar levd med i periodar til alle tider, anten det skuldast krig, sjukdom eller andre tilhøve. Men i vår tid kjennest det ekstra krevjande, fordi vi er så vane med å straks få dekka alle våre behov,- også dei åndelege. Slik kan Gud i denne tida lære oss å vente i positiv forstand. Venting i solidaritet med alle dei som har fått livet sett på vent ikkje berre i denne tida, grunna fattigdom, sjukdom, undertrykking eller krig. Ja, venting i fellesskap ikkje minst alle dei kristne som i år etter år lever under tilhøve der ikkje er mogeleg å kome saman i eit kristent fellesskap.

 

Dette er ei venting i håp. Det siste begeret som vart velsigna i påskemåltide var håpets beger. Jesus avsluttar nattverden med utblikk til det større og betre måltidsfellesskapet i Guds rike. Slik peikar nattverden framover. Mot betre tider og eit sterkare fellesskap, med Gud og med kvarande.

 

Ære vere Faderen, Sonen og Den heilage ande, som var, er og vera skal ein sann Gud frå æve og til æve!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"