Nettpreike til Langfredag 2021

Nettpreike til Langfredag frå Kvam 2021 v. sokneprest Lars Arne Vik

Nettpreike til Langfredag 2021

Preike til langfredag i 2021 i Norheimsund kyrkje over Mark 14,26-15,37

I den gode kriminalromanen kjem avsløringa av mordaren på siste side overraskande på lesaren. Mordagen er den minst sannsynlege, sjølv om me gjennom boka har fått små teikn på kva som eigentleg skjedde.

I den fullendte kriminalromanen er det lesaren sjølv som er mordar. Eg las eingong om ein forfattar som hadde denne draumen, skriva denne fullendte romanen som enda med at lesaren sjølv var mordar.

Soga om Jesu liding og død har begge desse aspekta med seg, både det overraskande og avslørande – på den siste dagen – og ein fullenda draum, lesaren er med i det heile.

For dei skjøna ikkje kva som skjedde. Om meisteren sjølv brukte sterke ord: På den tida byrja han å tala om at han skulle lida og døy – og Peter tok han til sides – Vik frå meg, Satan!.... Ikkje berre ein gong men tre gongar… Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, Om så alle forlet deg….. Og hanen gol, to gongar. Dei skjøna det ikkje.

Me lever om lag to tusen år etter at det skjedde, me har fordelen av å sjå det heile i samanheng, ein samanheng dei som levde opp i det ikkje såg så klart, i alle høve ikkje der og då. Me har sett nøkkelen, nøkkelen som var der frå eldgamle dagar: Han var dømd uskuldig i vår stad.

Men han vart såra for våre brot

og sundbroten for våre synder.

Straffa låg på han så me skulle ha fred,

og ved hans sår har me fått lækjedom.

Og når me les og høyrer, så ser me og skjønar: Han gikk den tunge veien.. Han gjorde det for oss, for alle og for oss.

Kvar er din stad i soga om Jesu liding og død? Om du skulle velja, kvar ville du slå deg ned, flytta inn, kva talar til deg i dag, noko anna enn for ti år sidan? Eller for fire år sidan, då me sist i vår kyrkje las lidingssoga slik ho står i evangeliet etter Markus på langfredag?

Flyttar du inn på Oljeberget, der Peter seier: «Om så alle vender seg bort frå deg – eg gjer det ikkje.» 30 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I denne natta, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» 31 Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"