Cash-messe i Meland kyrkje søndag 10.mars kl.19.00

Johnny Cash og musikken han framførte vil stå i fokus under kveldsgudstenesta i Meland kyrkje søndag 10. mars kl. 19.00. Velkommen til ei gudsteneste utanom det vanlege.Denne kvelden er det songar som «Daddy sang bass», «Why me, Lord» og «Just a closer walk with Thee» som fyller kyrkja vår. Gudstenesta vert ein ønskereprise frå den populære Cash-messa som vart arrangert i Knarvik kyrkje i haust.

Cash-messe i Meland kyrkje søndag 10.mars kl.19.00


Håp og trøyst

Andreas Sagstad Berg er ein av initiativtakarane og har eit nært forhold til «mannen i svart». Til trass for sin relativt unge alder, har han spelt og sunge Cash i mange år.

– Johnny Cash var opptatt av å gje menneske håp og trøyst i vanskelege situasjonar. Han var av dei første som hadde konsertar og spelte inn plate i fengsel: «At Folsom Prison». Det viser at han brydde seg om dei svake, seier Sagstad Berg. Til gudstenesta er det vald ut låtar som formidlar nettopp håp og trøyst. Dette vil visa andre sider av artisten enn dei som kanskje er kjent for mange og mest tydelege i til dømes filmen «Walk the Line».

På heimebane

– Cash kom sjølv frå stusselege kår og hadde eit liv fylt av både oppturar og nedturar. Han sleit med mange ting, men fekk sjølv oppleva nåden. Han var så ekte, ærleg og audmjuk i formidlinga si gjennom musikken, seier Sagstad Berg som gler seg stort til å vera med på å synga ein av favorit-artistane, no i kyrkja han sjølv høyrer til i. Både faste kyrkjegjengarar, Cash-fans og andre interesserte vert ønska velkommen.

 
Meland-koret Felix Vocalis vil også denne gongen bidra med ei gruppe koristar. Knarvik-prest Torbjørn Sæle, som sjølv er vaksen opp i Meland, leier gudstenesta og nattverdfeiringa. Han vil preika over bibeltekstar som Cash tonesette. Etter kveldsgudstenesta vert det servert ein enkel kyrkjekaffi. Cash-messa vert arrangert av Meland kyrkjelyd.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"