Gratulerer med skulestart! På T6-dagen skal du få høyre forteljinga om ein som klatra opp i eit tre. Han fekk òg ein heilt ny start. Han lærte masse den dagen han klatra opp i treet.
Vi skal ikkje klatre i tre på T6-dagen, men vi skal synge, leike og mykje anna.
Håper å sjå deg på T6 skulestartdagen!
NB: Grunna sviktande påmelding blir det IKKJE T6-dag i Fjell kyrkje i år. Dei som er påmelde til T6 i Fjell kyrkje, eller som hadde tenkt å melde seg på der, er hjarteleg velkomne til å kome til Landro kyrkje på torsdag i staden for.
Program:
- Registrering og ein matbit
- Oppstart: Svisj – vi er saman!
- Forteljing og leik
- Skulesekk-velsigning og utdeling av 6-årsbok
Hugs å ta med deg T-dagsmappa di (viss du har) og skulesekken din (med pennal oppi).
Pris: Kr 50 per 6-åring, vipps #824175, hugs å merke betalinga med T6 og namn på barnet.
Betaling skal ikkje vere til hinder, ta eventuelt kontakt.