Tema for vandringa er «Lat oss be».
Dei ulike stasjonane handlar difor alle om bøn, men på veldig ulike måtar. Visste du til dømes at vi kan blåse såpeboblar opp til Gud? Eller at vi kan bake bønekringler? Eller har du nokon gong trilla terning for å finne ut kva bordbøn vi skal syngje? Alt dette, og mykje meir, skal de få lære meir om på T8-dagen, og etterpå får de med dykk eit fint «bønenettt» med masse idear oppi.
Ta gjerne med ein kosebamse heimefrå, slik at også han eller ho kan få vere med på den fine vandringa.
Program for dagen:
- 13.00: Registrering
- Svisj
- Formingsoppgåve
- Vandring i kyrkjerommet med heile familien
- 15.30: Varmt måltid
- Formingsoppgåve
- 16.30: Avslutning i kyrkjerommet