Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Tips til gudstenester med misjonspreg i openberringstida

Openberringstida blir rekna som den særlege misjonstida i kyrkjeåret. Her finn du gudstenesteressursane for openberringstida 2018.

Tida mellom jul og faste blir kalla openberringstida. Kristi openberringsdag, fyrste sundagen etter nyttår, - markerar avslutninga av juletida. Openberringstida i kyrkjeåret er knytta til tekster som syner ulike sider ved Jesus. I vår kyrkje er det blitt vanleg å knytte denne tida spesielt til temaet misjon.

Tematikken «misjon» kan vere utfordrande i seg sjølv, og det kan vere vanskeleg å løfta den fram i gudstenesta. Difor lagar Samarbeid menighet og misjon (SMM) ei verktøykasse med byggeklossar for gudstenestearbeidet i openberringstida, saman med preikeressursar frå Luthersk kirketidende for fleire av sundagane i openberringstida.

Ressursane er laga for å kunne brukast rett inn i dei vanlege gudstenestane (klipp og lim).

Bruk openberringstida til å sette fokus på den misjonsavtalen kyrkjelyden har, eller det landet, søsterkyrkja og misjonsprosjektet dere samarbeider med. Det varierar veldig kva folk veit om dette. Ta gjerne kontakt med den SMM-organisasjonen dere samarbeider med. Kan de gjere noko saman?

La misjonstematikken også prege trusopplæringa i openberrringstida.  Søk på «misjon» på www.ressursbanken.no, eller søk «trosopplæring» på www.nmsu.no  og www.kirken.no/smm

Bruk openberringstida til å snakke om kva misjon tyder for oss i dag og kva rolle kyrkjelyden spelar i misjonen.
Sjå i kap. 6 i  heftet «Misjon til forandring», her er stoff ein kan bruke direkte i stab, sokneråd og ulike grupper.

 

 

Kontaktinformasjon for Samarbeid menighet og misjon

Mellomkirkelig råd for Den norske kirke

Postboks 799 Sentrum

0106 Oslo

E-post: post.kirkeradet@kirken.no

Ansvarlig redaktør: Knut Hallen (kh558@kirken.no)

Nettredaktør: Olav Dahle Svanholm (os266@kirken.no)