Ressursar til openberringstida

SMM har utarbeidd eige ressursmateriale til gudstenestene i openberringstida

«Samarbeid menighet og misjon» (SMM) har utarbeidd eige ressursmateriale til gudstenestene i openberringstida. – Det at ein kan få ferdige liturgiske tekstar på mail som ein berre kan lime rett inn i liturgiane, gjer det superenkelt å setje eit tydleg kyrkjeårspreg på gudstenestene, seier Ragnhild Due, kapellan i Kroken i Tromsø. 

Openberringstida følgjer naturlig etter juletida i kyrkjeåret. Der vi i jula feira at Ordet vart menneske, får vi no høve til å sjå nærare på kven Jesus var, kvifor han vart sendt og kva oppdraget hans eigentleg var. Dette seier igjen noko om kyrkja sitt oppdrag, og difor har openberringstida også blitt kalla kyrkja si særskilde misjonstid.

Kvart år sender SMM ut ferdige liturgiske «byggeklossar» som kan nyttast innanfor ramma til gudstenestordninga, saman med tekstgjennomgåingar frå misjonsorganisasjonane i SMM. For Ragnhild, som har nytta desse ressursane tidlegare, gjer dei også gudstenestarbeidet lettare, og hjelper til med å peike på det misjonale i den lokale kyrkjelyden. – Eg synast det er flott at vi kan vise at misjon ikkje er noko som berre skjer langt borte, og at vi kan bruke gudstenesta som ein stad der vi er saman om det oppdraget Jesus har gjeve oss, både lokalt i den kyrkjelyden vi er i, og i heile verda, seier ho.

Preiketekstane i openberringstida tek oss gjennom eit landskap der Jesus vert tilbede som konge av vismenn frå Austerland, døypt av Johannes og offentleg stadfesta av Gud, før han så byrjar å gjere under og gje oppdrag på bryllaupsfesten i Kana. Dei viser oss Jesus som spør den blinde mannen ved Jeriko «kva vil du eg skal gjere for deg?», og som bed den lamme mannen i Kapernaum om å ta båra si og gå, for å vitna om at Jesus har makt til å tilgje synder. Guds ord vender ikkje tomt attende, høyrer vi på såmannssøndag, og i møte med Jesu herlegdom vert vi, som disiplane på forklaringsberget, bedne om å reise oss og ikkje vere redde. I staden vert vi saman med disiplane på fastelavnssøndag sende ut med Guds kjærleik for å vitna om Jesus i nærvær, handling og ord. Det er vårt oppdrag, vår misjon, og det er noko vi er saman om i gudstenestene i openberringstida.

SMM fyller 25 år i 2019
I samband med jubileet er det også utarbeidd ekstra materiell:

• Ein heilt fersk og ny liten video om samarbeidet gjennom SMM, som i år vert en del av gudstenesteressursane til openberringstida. Kan brukast i gudstenester, på kyrkjekaffi eller soknerådsmøter i openberringstida.
• Bispemøtet og SMM har samarbeidd om ein artikkel til kyrkjelydsblader. Artikkelen kan ein laste ned og bruke heile eller deler av, på både nettsider og på trykk i kyrkjelydsbladet.
• Tekstgjennomgangar

Du finn nyttige dokument under.

Kontaktinformasjon for Samarbeid menighet og misjon

Mellomkirkelig råd for Den norske kirke

Postboks 799 Sentrum

0106 Oslo

E-post: post.kirkeradet@kirken.no

Ansvarlig redaktør: Knut Hallen (kh558@kirken.no)

Nettredaktør: Olav Dahle Svanholm (os266@kirken.no)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"