Bible verse of the day

2. Mosebok 23,20–26

20 Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. 21 Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han. 22 Men høyrer du på det han seier og gjer alt det eg byd deg, då vil eg vera ein fiende for dine fiendar og ein motstandar for dine motstandarar. 23 For engelen min skal gå framfor deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil utsletta dei. 24 Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje la deg lokka til å dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei, men du skal riva steinstøttene deira ned til grunnen og slå dei sund. 25 De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet ditt og vatnet ditt. Sjukdom vil eg halda borte frå deg. 26 Inga kvinne i landet ditt skal mista barn eller vera ufruktbar. Eg skal fylla ditt mål av dagar.