Vil bli prest

- «Dette kan kjennest som eit stort steg, men etter eit døgn på Granavollen opplever eg at eg i alle fall går i rett retning». Gunn-Jorun Sunde vil bli prest, og har vore på samling saman med andre på vegen til presteteneste.

Gunn-Jorun Sunde er 46 år, utdanna førskulelærar og har arbeidd i barnehage og i førskule. Dei siste sju åra har ho vore menighetspedagog, og har trivdest med det. Men ho har kjent at ho kunne tenkje seg andre oppgåver på sikt: - Valet fall på prestyrket, og no studerer eg teologi på deltid, seier Gunn-Jorun Sunde.

Mange vegar til presteyrket

Det er stor breidde blant deltakarane desse junidagane på Granavollen. Deltakarane er i ulike aldrar, med ulik erfaringsbakgrunn.

- På samlinga blir biskopen betre kjent med studentane, sier Lars Erlend Kielland frå Hamar bispedømmekontor. Han er pilegrimsprest, og organiserer årets kurs.

Gjennom dagane har det vore webinar med biskopar frå ulike stader i landet, forteljing frå to prestar med ulik fartstid i Hamar bispedøme og ei innføring i kyrkja som organisasjon. Deltakarane har også hatt mange samtalar i grupper og i plenum, og alle har ein times samtale med biskop Solveig Fiske.

- Samlinga hjelper både studentane og biskopen med å finne ut om presteyrket er det rette valet for den enkelte, seier Kielland.

Les meir om vegen til presteteneste her.

Stort mangfald

På samlinga i år, er dei tilsaman 18 studentar som kan tenkje seg ei stilling i vigsla teneste for Den norske Kyrkja. Dei er fordelt på to kurs – eitt berre for prestestudentar, og eitt for alle som vil ut i vigsla teneste.

Kurset er obligatorisk uansett kva for ein veg du vel til den tenesten du ynskjer deg.

Her les du meir om kurset du må ha, viss du vil arbeide i ei vigsla stilling

Moglegheitene for jobb er stor. Det har lenge vore kjent at det er mangel på prestar i Den norske kyrkja.

For Gunn-Jorun Sunde, har samlinga vore både inspirerande og lærerik. – særleg var det nyttig å samtale med andre i same situasjon, seier ho.  Ho seier og synst det var fint å dele spørsmål og usikkerheit rundt dette å gå inn i ei rolle som prest.

Etter kvart håper ho at ho skal bli ein av prestane Den norske Kyrkja treng.

 

 

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"