Biskopens appell på Den store klimamarkeringen

Sammen med en rekke andre organisasjoner deltok Oslo bispedømme 20.11 på Den store klimamarkeringen i Oslo. Biskop Kari Veiteberg var med og holdt appell for de fremmøtte, inkludert klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Biskopens appell på Den store klimamarkeringen

Sammen med mange andre organisasjoner og appeller fra Gina Gylver (Natur og Ungdom), Frode Pleym (Greenpeace), og Birgitte Lange (Redd Barna) holdt Oslo biskop Kari Veiteberg sin appell for hundrevis av fredelige demonstranter på Eidsvoll plass mandag 20.11, like før klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen drar til COP28 - klimatoppmøtet i Dubai. 

Biskopen annerkjenner de fremmøttes sorg og sinne - sorg og sinne over menneskeliv og artsmangfold som går tapt, over mennesker som må flykte fra sine hjem på grunn av klimaendringer, og at mennesker fortsetter med denne ødeleggelsen, vel vitende om konsekvensene.

Biskopen løfter også opp håpet og kjærligheten som vises når man kommer sammen på denne måten, og i alle handlinger vi gjør i hverdagen som bidrar til en grønnere framtid. 

Oslo biskop Kari Veitebergs appell, Den store klimamarkeringen 20.11.23

Kjære alle saman!

Det er meir alvorleg enn på lenge.

Og alt er vevd saman i alt: – Krigshandlingane i det omfanget vi ser no,

våpen som kunne ha vore smidd om til plogjern, - dei tallause menneska som er klimaflyktningar:

Det er andre enn oss som nett no bærer dei tyngste byrdene på grunn av klimaendringane. Men vi kan gjere vårt!

Det er sunt å være sint!

Kjære alle oss som er her i dag. Vi er mange!

Vi er samla på tvers av religiøse og politiske skiljelinjer i felles kamp for klimarettferdiget.

«Dør de, dør vi» står det et banner. Det er ei kraftig påminning om at vi lever i sameksistens med alt det skapte, alt på kloden - alt i universet!

Eg er biskop i Den norske kyrkja i Oslo bispedømme og eg trur på ein Gud som skapar, frigjer og gir liv.

Ein Gud som seier på første side i Bibelen: «Jorda skal bli grøn!» «Det skal kry av liv i vatnet» og den sjuande dagen: Den dagen erklærer eg for heilag. PÅ helligdagen skal jorda kvile. Olja og. Stopp med grådigheit, stopp med utnytting!

I møte med endringar og øydeleggingar av klima og natur kjenner

eg og mange andre no på sinne og sorg.

Og ja, - det er sunt å være sint

og eg og kirka vil også være eit fellesskap som øver oss på å tole og møte klimasorga.

Mange av dykk som er til stades her er godt kjent med klimasorga:

Sorg over dei tapa vi som fellesskap erfarer når artar forsvinn og dyr og natur lid. Eg anerkjenner den sorga

som vi alle står i og over at

menneske med vilje og kunnskap øydelegg kloden,

at mange av oss er ikkje villig til å sjå sanninga i augo, og dermed komme oss bort frå passivitet til handling.

Eg erkjenner at i kampen for ta vare på jorda og skaparverket

så kjempar vi også mot oss sjølve,

for vi er alle saman tett innvove i livet som forbrukarar,

vi forbrukar fordi vi kan,

og bidreg til at

det blir drive rovdrift på livsgrunnlaget som vi har fått som felles ansvar.

Vi har vår Freds-og forsoningskyrkje Trefoldighet som ligg tett på regjeringskvartalet. Ho skal være ei påminning til oss alle som styrer landet om at vi ikkje gløymer, med stadig arbeider for rettferd og fred. OG

Vi treng leiarar som vil og kan ta ansvar. Eg vil framleis tru på gjensidig deling av kunnskap og tru på dialog på vegen mot løysingar.

Vi trur på fredfylt sivil ulydnad og på påverknad av dei som skal leia oss i rett retning og vi kjempar med mange ulike verkemiddel for å forsvara det felles livsgrunnlaget vårt. De jobbar med forsking, i kunnskap og media, i organisasjonar og trus- og livssynssamfunn for at folk skal forstå og handle.

Vi må sjå etter ein ny veg, mot eit annleis liv,

finna nye moglegheiter som vi i dag ikkje veit om.

Vi må vera villige til å oppgi privilegium,

sjå lenger enn til den kvardagen vi tar for gitt,

oppgi ting som vi knyter tryggleiken vår til i dag.

Eg helsar alle de som står og har stått i kampen,

Kampviljen og truskapen dykkar gir HÅP! JA, eg blir oppmuntra og får håp av denne dagen!

Vi har ei kraft saman, ei motstandskraft som også driv oss framover.

Å sjå utover dykk alle

- de minner meg om ord frå Bibelen som ofte blir lesne i bryllaup og gravferder - ord som fortel oss at tru, håp og kjærleik består, og at størst blant dei er kjærleiken.

Kjærleiken er den viktigaste krafta i verda.

Når eg ser utover alle som er her i dag, så ser eg menneske som lever dette ut, lever ut kjærleik til menneske, dyr og natur.

Kjære klimaaktivistar og alle som kjempar for kloden, de viser at kjærleiken toler alt, håpar alt, trur alt.

La oss saman tru og håpa at det ut av sorg og sinne kan skapast nye tider, forsonande møte, opnande samtaler og ikkje minst: Kraftfulle handlingar.

Kari Veiteberg, Oslo biskop

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"