Håpsvandring i koronatid

Då pilegrimane vandra til det undergjerende krusifikset i Røldal stavkyrkje i mellomaldaren, var det å bli redda frå epidemiar og sjukdom ein del av motivasjonen. Mot denne bakgrunnen la 23 pilegrimar ut på vandring frå Grungedal til Røldal i byrjinga av september, midt i "korona-tida".

Håpsvandring i koronatid

Vandringa vart arrangert av psykisk helsevern-avdelingar i Vest-Telemark saman med prostidiakonen i Vest-Telemark, Eilev Erikstein. Årets vandring var korta ned til to dagar, og av smittevernomsyn var det ikkje felles overnatting denne gongen. 

Vandringa vert kalla "Å vandre med håp", og dette var 12. året på rad at ho vart gjennomførd. Mange menneske som har vore til behandling i psykisk helsevern har gjennom vandringane erfart det verdifulle i pilegrimsfellesskapet. Å vere ein medvandrar for kvarandre gir håp, og sjølve vandringa får tankane til å bli friare.

Den første dagen onsdag 2. september gjekk pilegrimane fra Prestegård til Ulevå. Nokre av deltakarane overnatta i telt ved Svandalsfona. Andre dagen vart òg biskop Stein Reinertsen med i eit heller grått ver. Når kroppen vert både våt og sliten, vert dei små gledene større enn vanleg. Det var difor som ei lita openberring når Svein Kåre Gårdsteig kom berande med ferske skulebrød fra Kakeringen midt innpå fjellet.

Vel nede fra høgfjellet nådde pilegrimane fjellbygda Røldal torsdag ettermiddag. Der vart dei ønskte velkomne med  kyrkjeklokkeklang frå stavkyrka. I Røldal vart det mat for både sjela og kroppen, med andakt i den gamle kyrkja og kompe-middag på Skysstasjonen etterpå.

 

 

 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"