Lovnader om kjærleik

-Når keisar Augustus påbyr at alle skal skrive seg inn i manntal, skriv samstundes Gud seg inn i historia vår ved at Jesus blir født som eit born. Det skriv biskop Stein Reinertsen i denne juleandakten som handlar om Guds lovnader om kjærleik slik det kjem fram i juleevangeliet.

Jomfru Maria med barnet, omkransa av vismennene og av folk på markane.  Fotografiet er eit utsnitt av maleria til Finn Krafft som dekkjer heile taket i Lisleherad kyrkje i Notodden. (Foto: Dag A. Kvarstein)

Ein handverkar var kjent for ikkje å kome når han hadde lova. Grunngjevinga hans var: «Ein kan ikkje både love og halde på ein gong.» Vi har vel alle gjort våre eigne erfaringar i høve til dei lovnadene vi sjølv har gjeve, og dei som andre har gjeve til oss. Det er ikkje alltid samsvar mellom ord og handling.

Rudolf Nilsen skriv i eit av dikta sine: «Intet er mer som skrift i sand enn løfter om kjærlighet.» Det du skriv i sand, vert ikkje ståande. Vind og bølger viskar skrifta ut. Det blir gløymt for alltid. Skal lovnader ha ein verdi, må dei oppfyllast. Lovnader om kjærleik må få praktiske utslag i handlingar som visar at du er glad i eit menneske.

Når keisar Augustus påbyr at alle skal skrive seg inn i manntal, skriv samstundes Gud seg inn i historia vår ved at Jesus blir født som eit born. Juleevangeliet startar slik på latin: «Factum est» - fakta er. Ein har sagt at julenatt fekk Gud adresse på jorda.

«Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda», skriv Johannes. Ordet fotografere kjem frå gresk og tyder direkte oversett «å skrive med lys». Når Jesus skriv seg inn i verda, teiknar han eit bilete av korleis Gud er, med ord og ikkje minst i konkret handling.

Guds lovnader om kjærleik vert synlege når han vert ein av oss. Guds lovnader om kjærleik får sitt aller tydlegaste teikn når Jesus gjev livet sitt for vår skuld. Så høgt er vi elska av Gud.

Gud ønsker å skrive seg endå lengre inn enn i historia vår. I Austkyrkja seier dei: «Kristus blei det vi er, for at vi skal bli det Han er». Han ønsker å skrive seg inn i liva våre. Det er det som kallast å tru. Trua er ein relasjon til Jesus. Johannes skriv i juleevangeliet sitt: «Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans».

Jula fortel oss at Gud ikkje skriv sine lovnader om kjærleik i sand, men i handling.

Med ønske om ei velsigna julehøgtid!

Stein Reinertsen
Biskop i Agder og Telemark

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"