Pilegrimsvandring på FNs flyktningedag

Kyrkja i Øvre Telemark har gjort det til tradisjon å gå pilegrim på FNs flyktningdag den 20.juni. I år var staden Seljord og den gamle mellomalderkyrkja der.

Pilegrimsvandring på FNs flyktningedag

Tidelegare har ein gått til Røldal kyrkje og Nes kyrkje i Sauherad. 

Pilegrim er noko dei fleste religionar har felles. Det handlar om at bryte opp for å finne noko betre, slik det òg gjer for flykningar.

Kring klokka 11 samla 14 pilegrimar seg for å vandre mot den gamle Seljord kyrkje frå 1180.

Dei fleste pilegrimane kom frå Vaksenopplæringa i Seljord, elles var det fire diakonar frå Øvre Telemark og Line Vettestad frå Kirkens Nødhjelp i Telemark og Buskerud. Under sin appell i kyrkja held ho fram vårt ansvar for klimaendringane som driv stadig fleire på flukt. Dei siste tala frå FN fortel om at det er 70 millionar flyktningar i verda.

Ei slik vandring endrar ikkje situasjonen for verdas flykningar, men det gjer kan hende noko med oss som går. Denne vandringa var meldt inn som ein del av prosjektet "Klimapilegrimen" som er eit tiltak for ein meir ambisiøs klimapolitikk.

Samlinga i kyrkja vart avslutta med ein vakker orgelkonsert  ved Keith Griggs.

Tekst: Eilev Erikstein

Alle foto: Ivar Solbu

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"