Vandring for forandring

Gjennom mange hundreår vandra folk pilegrim til Røldal. Målet var krusifikset i den gamle stavkyrkja. 11. til 13. september 2020 er det tilbod om pilegrimsvandring for menn som har mist nokon i sjølvmord. Det vere seg ektefelle/sambuar, søsken eller ein kamerat.

Vandring for forandring

Å gå pilegrim var ei håpsrørsle. Om det ikkje var ei framtid, ein veg for oss, ville me aldri bry oss om å gå. Vegen framfor oss ber håpet i seg.

-Difor har det å gå ein ekstra verdi i møte med sorg. Sorg er jamt tung, men spesiell tung er sorga ved sjølvmord. Den som har mista ein kjær i sjølvmord treng mykje von, og pilegrimsvandringa kan vere ei rørsle som bringer fram von, sier prostidiakon Eilev Erikstein. Han er prostidiakon i Vest-Telemark og har stått bak «Vandring mot forandring» i mange år.

Over Haukeli til Røldal
Vandring til forandring er ei vandring langs den gamle pilegrimsvegen over Haukelifjell til Røldal stavkyrkje. Pilegrimsturen er også ei markering av Verdsdagen for førebygging av sjølvmord. (10.sept).

Vandringa er eit samarbeid mellom Prostidiakonen i Vest- Telemark, RVTS Sør og Agder og Telemark bispedøme.

Påmelding og info hjå Prostidiakon Eilev Erikstein 91 11 35 80 eller mail : eilever@online.no

Frammøte på Haukelifjell Skisenter i Vågsli fredag 11. september kl. 19.

Meir info i det vedlagde dokumentet.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"