Bjørgvin bispedøme 950 år: Seljumannamesse

Praktisk informasjon

Fra:8.7.2018 - kl.09.30

Til:8.7.2018 - kl.14.30

Sted:Selja

Arrangør:Bjørgvin bispedøme / Selje kommune m.fl.

Sundag 8. juli feirar Bjørgvin bispedøme 950 år med ei festgudsteneste på Selja kloster. H.M. Dronning Sonja vil vera til stades.

Festgudstenesta, «Seljumannamessa», tek til sundag 8. juli kl. 11.30 og blir leia av biskop Halvor Nordhaug, som også vil preika. Andre medverkande er blant andre biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kyrkja og Bergen domkor saman med eit prosjektkor frå heile bispedømet.

Frå Selja til Bjørgvin
Omlag 1068 e. Kr. oppretta Olav Kyrre eit vestnorsk bispedøme med bispesete på øya Selja i Selje kommune.  Dei heilage frå Selja var så viktige for den unge kyrkja i Noreg at Selja var blitt det fyrste kraftsenteret i norsk kyrkjehistorie.

Bjørgvin bispedøme dekkjer i dag heile Hordaland og Sogn og Fjordane med 182 sokn i 59 kommunar. Kyrkja i Bjørgvin samlar også i vår tid menneske i alle bygder og byar i glede og sorg, i helg og kvardag for å møta kvarandre og æra Den treeinige Gud.

Les meir om historia her, og om Bjørgvin bispedøme her.

Kongeleg besøk
I 1968 besøkte dåverande Kong Olav og Kronprins Harald med Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900 års-jubileet for Bjørgvin bispedøme. Dette var eit av dei fyrste offisielle programma for det nyforlova paret kronprins Harald og Sonja. I år vil H. M Dronning Sonja vitje Selja att i samband med 950 års-jubiléet.

Praktisk informasjon og billettar til Selja
Billettar, som inkluderer båttransport til og frå Selja, kan du kjøpe frå 5. juni på ticketmaster.no

Transport
Fyrste båt frå Selje til øya Selja startar kl. 09.30. Siste båt går kl. 10.30 frå Selje sentrum. Ver tidleg ute. Overfarten tar ca. 10 min.

Klostervågen vil bli stengt for private fartøy mellom kl. 09:00  - 16:00

Første båt frå Bø har avgang kl. 14:30 (prioritert reisande med Nordfjordekspressen sørover). Siste båt frå Bø har avgang kl. 15:30.

Fottøy: Det er ca 20 min lett gange frå Bø til Klosteranlegget. Hugs godt fottøy, då det kan være glatt og fuktig på stien.

Om du ikkje kan koma deg fram til fots og treng transport rett til Klostervågen, må det meldast direkte til Selje kommune v/ post@selje.kommune.no // tlf: 57 85 85 00

Arrangementet er ferdig ca. kl. 14:30.

Informasjon om overnatting

Informasjon om konsertar i Selje kyrkje i samand med 950-års markeringa.


Har du spørsmål, kontakt:

Selje kommune v/ servicekontoret, tlf. 57 85 85 00
Bjørgvin bispedøme v/ Ragna Sofie Grung Moe, tlf.  952 77 371