Konkurranse om ny bispekåpe

Det skal lagast ny bispekåpe til biskopen i Bjørgvin, ettersom dei tidlegare bispekåpene er i dårleg stand. Tekstilkunstnarar, kunsthandverkarar og biletkunstnarar er velkomne til å senda inn framlegg til arbeidet.

Vurderingskomiteen, Anne Martha Hoff, Justin Kroesen, Aashild Grana og biskop Ragnhild Jepsen med den gamle bispekåpa.
Bispekåpene i Noreg vert mykje brukte. Dei vert oftast brukte i sundagens gudsteneste, bortsett frå ved nattverden, dei vert brukte ved visitasreiser rundt i bispedømet og når biskopen representerer i andre samanhengar. I tillegg har biskopen i Bjørgvin bispeansvar for alle sjømannskyrkjene og kåpa kan slik bli sendt verda rundt. Den nye kåpa skal vere ferdig til 1. desember 2025, og no har kunstnarar og handverkarar eit unikt høve til å påverke korleis bispekåpa vil sjå ut.
 

Tradisjonell, men tydeleg frå vår tid

Bispekåpa skal bera vidare den lange tradisjonen som kyrkja og bispeembetet står i. Samstundes må det komma tydleg fram at kåpa er laga i vår tid, for vår tid. Dette vil stilla krav til kunstnaren både når det gjeld materiale, symbolikk og formspråk. Vidare vil det verta lagt vekt på om kunstnaren maktar å setja arbeidet inn i ein stadeigen kontekst, der Bjørgvin som kyrkjemiljø, handverks-, nærings- og naturområde spelar med. Det vert ikkje stilt særlege krav til fargebruken, men kåpa må passa inn i Bergen domkirke som er hovudkyrkja i Bjørgvin.
 
Dei som er interesserte i å sende inn bidrag til konkurransen, kan lese heile  invitasjonsdokumentet nedst på sida. Måndag 20. januar blir det dialogmøte i Bergen domkirke med vurderingskomiteen. Påmelding til dette møtet sender du innan onsdag 15. januar på e-post til prosjektmedarbeidar Andrea Ådland. Kontaktinformasjon finn du nedanfor. 
 
 
 
 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"