Barnesongar på norsk og spansk

"Hermanos" og "Que Fluya el Amor" er to samlingar med songar ein til dømes kan nytte på samlingar med kubansk preg.

Barnesongar på norsk og spansk

Gjennom eit samarbeid mellom Normisjon/Acta, kor og musikarar frå kyrkjelydar i Agder og den lutherske kyrkja på Cuba vart det i 2003 laga eit album med 15 songar på spansk og norsk. Namnet på plata «Hermanos» (utt. "ermanås") er spansk og betyr søsken. Tekstane er skrivne av Tore Thomassen, Frøydis Stubhaug og Asle Bjorvatn. Musikken er laga av Kjetil Svestad og John Børge Askeland. Den spanske versjonen er m.a. tilgjengeleg på denne lenka på Spotify.

CD’en og «Hermanos-boka» der både notane og den norske versjonen av tekstane står, kan kjøpast frå Normisjon/Acta sin nettbutikk. Pris (juni 2023) er 29,- kroner + porto.  Hermanos-boka og notane (utan CD) kan kjøpast på lenka her for 30.- kr + porto

Hermanos-boka fortel òg litt om korleis det er å vere barn på Cuba. For kvar av songane er det òg ein liten andakt. Dette materialet er såleis godt eigna for barn og unge. Det kan gjerne òg brukast som innslag i gudstenesta om ein har temasøndag om Cuba. 

Du kan òg finne 11 flotte songer på spansk på Soul Children sin «Que Fluya el Amor» spelt inn i Ecuador i 2014. Den har m.a. vorte brukt til å starte Soul Children-kor i andre spansktalande land. Den kostar 199 kr. og kan lastast ned.

 

Tekst: Kjell Ove Hatlem

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"