Slik kan du støtte Cuba-prosjektet

Du kan gi gåver til Cuba-prosjektet med Vipps, til kontonummer eller ved å fylle ut det elektroniske skjemaet du finn lenger nede på sida.

Søndagsskuleelavar i Guantánamo. Foto: Alfredo Rasua/Normisjon

Vipps- og bankkonto-nummer

Bruk vippsnummer 96005 eller kontunummer 1503.02.13537 for å gje di eller kyrkjelyden si gåve. Merk gåva "Prosjektnummer 351002" og eventuelt "kyrkjeoffer", "konsert", "50-årsdag Fornamn Etternamn" eller det som gjeld.

For skattefrådrag, skriv du mobilnummeret ditt i tillegg til prosjektnummeret.

Du kan nytte det elektroniske skjemaet du finn under både til å setje opp ein fast gjevaravtale og til å gje einskildgåver.

Takk for di støtte!

 

Kva rekk kronene til?

  • 100 $ (ca. 1100 kr.) er pastorløn i ein månad. Ti-elleve personar som gir 100 kr. i månaden, finansierer løn til ein pastor eller diakon i venskapskyrkja vår. Grunna den dramatiske utviklinga i valutakurs, inflasjon og kjøpekraft på Cuba dei siste to åra, er venskapskyrkja avhengig av slik hjelp i ein periode framover.
  • Noko av pengane vil gå til nye prosjekt som å starte nye barnehagar eller støtte plantinga av ny kyrkjelyd i Havanna.
  • IEU jobbar for å finne fleire prosjekt som og kan gje dei framtidige inntekter. Vi vil støtte med noko av det dei treng for å kome i gang.

 

Bakgrunn og litt historikk

Bispedømerådet gjorde 1. juni 2021 vedtak om å gå inn i eit venskapssamarbeid med den lutherske kyrkja Iglesia Evangelica Unida (IEU) på Cuba, saman med Normisjon som har samarbeidd med denne kyrkja i over 20 år.

I 2022 vart 307.000 kr. motteke gjennom ulike kyrkjeoffer og gåver frå einskildpersonar i bispedømet, inkludert 68.191 kr. som "avskilsgåver Cuba" i samband med avkilsmøta til biskop Halvor Nordhaug. Bispedømet og Normisjon brukte omlag 82.000 kr. av dette til å støtte løner på Cuba og 200.000 kr. til å kjøpe mat, hygieneartiklar og anna til hjelpesendinga som vart send til Cuba våren 2023. Den norske ambassaden i Havanna betalte frakt av containeren.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"