Misa Cubana 1-5 Luthersk liturgi med kubanske rytmar

Marta Romero Lorenzo (i midten med brun veske) har komponert Misa Cubana, luthersk liturgi for Cuba.

Normisjon har samarbeidd med den lutherske kyrkja Iglesia Evangélica Unida (IEU) på Cuba i over 20 år. Ein del av samarbeidet har vore utveksling av song og musikk, og eit av dei første måla var at kubanarane skulle få sin eigen liturgi med kubansk musikk. Kubanarane ville gjerne ha med sin tradisjonelle kubansk dans, som er eit uttrykk for livsglede og eit naturleg fylgje til bibelske songar. Deira musikk og salsarytmer er spennande for oss i Norge. Ei prosjektgruppe på 4 musikarar reiste frå Norge til Cuba og fann gode samarbeidspartnar der. Normisjon gav løn til Martha Romero Lorenzo slik at ho kunne slutte i jobben som pianopedagog på Universitetet i Santiago og bruke tida si på musikken i kyrkja.

Eit av dei fyrste resultata av dette samarbeidet var Misa Cubana 1. Den vart komponert i 2001 av Martha Romero og Esmerído Betancourt og innspelt med orkesteret «Classic Son» i Santiago de Cuba i 2003 og kor innspelt hjå Lynor i 2003. Notar og CD med «singback» for Misa Cubana 1 er tilgjengeleg i Normisjon Acta sin nettbutikk for høvesvis 30,- kr og 29,- kr + porto (juni 2023).

Musikkprosjektet fortsette vidare. I 2002 kom Misa Cubana 2 og så kom Misa Cubana 3, Misa Cubana 4 og til sist Misa Cubana 5.

Vi har CD’ar til Misa 2-5 på bispedømekontoret, og jobbar med ei tenleg løysing for å gjere musikken og notane tilgjengelege slik at det t.d. kan brukast på temagudstenester om Cuba.

Og Marta tok IEU si pastorutdanning og vart ordinert som prest i 2018 og ansvarleg for den nye kyrkja i bydelen Altamira i Santiago de Cuba.

 

Tekst: Kjell Ove Hatlem

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"