Kva er Cuba-prosjektet?

Bispedømerådet gjorde 1. juni 2021 vedtak om å gå inn i eit venskapssamarbeid med Den lutherske kyrkja Iglesia Evangélica Unida (IEU) på Cuba gjennom Normisjon som har samarbeidd med denne kyrkja i over 20 år.

Utanfor kyrkja i Altamira, Santiago, Cuba.

IEU har hovudkyrkja og tre bydelskyrkjer i Santiago de Cuba, ein by med om lag 400.000 innbyggarar. IEU har òg kyrkjer i byen Guantánamo og landsbyen Achotal. I 2022 starta dei opp ein ny kyrkjelyd i bydelen Marianao i hovudstaden Havanna.

Representantar frå bispedømet vitja venskapskyrkja på Cuba i mai 2022 saman med Normisjon sin landansvarlege for Cuba. Inntrykka frå turen gjorde at vi før jul i 2022 byrja samle inn brukte klede, sko, syklar og anna for å sende til Cuba. Saman med matvarer og hygieneartiklar for om lag 200.000 kroner gjekk containeren av gårde med båt frå Bergen 3. april 2023.

I samband med innsetjing av ny biskop i Bjørgvin 16.april 2023 hadde vi seks kubanske gjestar som representerte kyrkjelydane i Guantánamo, Santiago og Havanna.

For at fleire skal verte kjende med venskapskyrkja på Cuba planlegg vi ein «kyrkjelydstur» i januar 2024.

Bispedømet oppmodar alle kyrkjelydane om å gje minst eitt årleg kyrkjeoffer til Cuba-prosjektet, og gjerne ha ein temasøndag om Cuba.

Pengane som blir samla inn går til å støtte løner til pastorar og diakonar på Cuba og det som skjer i og gjennom kyrkja der. Det har òg gått til containeren med hjelpesending. 

På artiklar og oppdateringar på heimesida og Facebook-sida vår kan du lese meir om alt dette, få glimt av kva som skjer no, finne ressursar for å arrangere temasøndag om Cuba og sjå korleis støtte prosjektet. Om du har spørsmål eller innspel kan du kontakte vår «Cuba-koordinator» Kjell Ove Hatlem på mail eller telefon.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"