Kyrkjevalet: Kandidatane til Bjørgvin bispedømeråd

I haust er det kyrkjeval, og det einaste vi veit så langt, er at biskop Ragnhild skal sitja på biskopens faste plass i Bjørgvin bispedømeråd. Dei ni andre medlemene får veljarane vera med på å velja. Blant kandidatane er det i år 49 personar på fire lister.

Kven skal sitja rundt bordet i bispedømerådet saman med biskopen? Ved valet 11. september kan alle kyrkjemedlemer med stemmerett vera med på å bestemma kven dei sju leke medlemene blir. Prestar og andre tilsette i kyrkja vel til saman to medlemer.

I september er det kyrkjeval, og alle medlemmar i Den norske kyrkja har stemmerett i det soknet dei bur, frå det året dei fyller 15 år. I kyrkjevalet er det val av kven som skal styre kyrkja dei neste åra, både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Dei som vert vald til bispedømerådet, vert også medlemmar av Kyrkjemøtet, som er det øvste demokratiske organet i kyrkja.

Ved kyrkjevalet 2023 er det tre registrerte nomineringsgrupper ved val av leke medlemmar til bispedømeråd og Kyrkjemøtet: BønnelistaFrimodig kyrkje og Open folkekyrkje. I tillegg kjem Nominasjonskomiteens liste, der ein lokalt oppnemnd nominasjonskomité har laga forslag til liste.

Desse stiller til val som leke medlemer i Bjørgvin bispedøme:

Listene er presentert i alfabetisk rekkefølgje

Bønnelista

Sigurd Grindheim    1968    Professor    Stord
Solaug Anita Apelthun Sæle    1951    Økonomisjef    Fjell
Finn Indrebø    1948    Pensjonist    Askøy
Trygve Johannes Hellesøy     1938    Pensjonert prest    Hellesøy
Torid Morsund  Øygard    1999    Student    Bergen
Magdalena Steinhovden    1947    Pensjonist    Naustdal
Anna Helena Bruun    1974    Regnskapfører    Rådal
Mahdi Alipor Esfahani    1979    Butikkmedarbeidar    Førde
Anders Myrene    2002    Student    Naustdal

Frimodig kyrkje

Gunnar Innerdal    1983    Førsteamanuensis    Øygarden
Per Hilleren    1959    Bonde    Sogndal
Marthe Hauge Aase    1965    Kreftsjukepleiar    Skilbrei i Sunnfjord
Egil Morland    1950    Professor emeritus    Øygarden
Geir Møller     1957    Pensjonist    Bergen 
Karen Sofie Uthaug    1998    Student    Alver
Hilde Kayser Rohde    1955    Pensjonert musikar    Bergen
Annlaug Risa    2003    Student    Balestrand
Torstein Backer-Owe    1959    Rådgjevar    Odda

Nominasjonskomiteens liste

Dag Sele    1964    Lege    Stord
Turid Fjose    1969    Lege    Voss
Amalie Gjengedal-Eide    1996    Lektor    Bergen
Arne Jostein By    1948    Pensjonist    Stryn
Kristin Jordheim Bovim    1955    Lege    Bergen
Dag-Olav Bjorøy    1957    Seniorkonsulent    Øygarden
Hege Feet Askvik    1957    Pensjonist    Alver
Helge Dyrkolbotn    1964    Avdelingsleiar    Austrheim
Amalie Ulevik Bjerk    1997    Student    Bergen
Ingeborg Watne Flatland    1979    Lærar    Førde
Leif Steinar Alfsvåg    1959    Høgskulelektor    Stord
Elise Skjærven Aas    2005    Student    Bergen
Rune Garmann    1952    Pensjonist    Masfjorden
Torild Teige Strand    1959    Lærar    Solund

Open folkekyrkje

Karl Johan Kirkebø    1950    Pensjonist     Bergen
Oddny Miljeteig    1954    Pensjonist     Bergen
Live Bakke Nydal    2004    Student    Florø
Rune Johan Skjælaaen    1954    Pensjonist    Bergen
Anne Vierdal    1996    Trusopplærar    Sveio
Eiel Holten    1968    Seniorrådgjevar    Bergen
Malene Mortensen    2001    Sekretær    Sotra
Håkon Glatved-Prahl    1956    Journalist    Alver
Mari Skjerdal Lysne    1985    Stipendiat    Sogndal
Vegard Flatebø Trætteberg     2002    Lagførar    Bergen
Inger Johanne Gullbrå    1949    Pensjonist    Voss
Lars Hana    1955    Pensjonist    Askøy
Signe Eikenes    1963    Prosjektleiar    Leikanger
Andreas Gravdal    1981    Formidlar    Bergen
Ove Sverre Bjørdal    1971    Statsautorisert revisor    Bergen
Torill Jørgensen Frøise    1972    Rådgjevar    Askøy
Christian Emil Haugen    1990    Lege    Bergen

Fakta om kyrkjevalet

  • Demokratisk val der ein vel 7 000 tillitsvalde, som skal styre Den norske kyrkja dei neste fire åra
  • Det skal veljast representantar til sokneråd (lokalt), bispedømeråd (regionalt) og Kyrkjemøtet (nasjonalt) 
  • Valet er samtidig med kommune- og fylkestingsvalet, 10. og 11. september 2023
  • På valdagen kan du stemme i nærleiken av kommunevalet
  • I 2023 er det for første gang mogeleg å førehandsstemme digitalt frå 10. august til 6. september
  • Fysisk førehandsstemming skjer frå 10. august til 8. september
  • Alle medlemmar i Den norske kyrkja, fødd i 2008 eller før, har stemmerett i 2023
  • Prestane og lek tilsette medarbeidarar i kyrkja har eigne val til ein medlem for kvar av desse to gruppene i bispedømerådet

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"